«Mange yrkesgrupper som har blitt tekne for gitt, er heltane i kampen mot sjukdomen»

Av
DEL

MEININGAR 1. mai er ein kampdag og ein festdag. I år vil nok festen bli noko annleis enn vi er vande med, men kampane for arbeidstakarrettar og solidariteten med kvarandre er viktigare enn nokon gong.

Kriser avslører mykje om eit samfunn. Koronapandemien er den største krisa vi har opplevd på mange år, og måten vi møter den på fortel mykje om samfunnet vårt. Det handlar først og fremst om solidaritet, og eit samfunn der folk er villige til å stille opp for kvarandre. Vi ser stadig døme på at veldig mange er villige til å strekka seg langt for å hjelpa og ta vare på dei som treng det aller mest.

Likevel viser denne krisa også at samfunnet vårt er sårbart, og at forskjellane i samfunnet fort kan bli større. Den viser kor avhengig vi alle er av fellesskapet, og kor viktig det er at fellesskapet stiller opp når det er nødvendig. Men vi må også sørga for at når fellesskapet stiller opp, skal ikkje nokre enkeltpersonar bruka det til å fylla lommene sine på kostnad av oss alle.

Krisa viser tydeleg kven vi ikkje greier oss utan i samfunnet. Mange yrkesgrupper som har blitt tekne for gitt, er heltane i kampen mot sjukdomen. At dette gjeld tilsette i helsestellet seier seg sjølv, men også reinhaldarar, transportarbeidarar og butikktilsette står på for oss alle. Dei som no jobbar hardt for fellesskapet er ikkje nødvendigvis dei med høgast løn. Sjølv om applaus og gode ord er fint, så må vi sørga for eit skikkeleg løft i desse yrka, med heile, faste stillingar og ei løn å leva av.

430.000 menneske er heilt eller delvis arbeidsledige. Dei er ikkje berre statistikk. Dei er 430.000 gode grunnar til å markera 1. mai. Vi veit at det kjem til å bli tungt for mange framover. Derfor må vi, i fellesskap, halda fram med å stilla opp for dei som vert ramma, også etter at perioden vi no er inne i er over.

Akkurat no er det kanskje vanskeleg å sjå for seg, men det kjem ei tid etter krisa også, der applausen har stilna og vi gradvis kjem inn i kvardagen att. SV skal halda fram med å kjempa for eit samfunn med sterke fellesskap og små forskjellar, eit samfunn for vanlege folk, der dei på toppen bidreg meir, der alle kan lukkast og ingen blir gitt opp. Dette vil vera eit samfunn for dei mange, ikkje for dei få.

På 1. mai står vi saman om ei meir rettferdig fordeling – ikkje berre av goda, men også byrdene.

Styret i Kvinnherad SV

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken