Ein mann er meld sakna frå bustaden sin på Varaldsøy, skreiv politiet sin operasjonssentral på Twitter klokka 01:10 natt til fredag.

Mannen blei sist observert natt til onsdag. Det var familien til mannen som melde han sakna.

Politi, leitemannskap, redningshelikopter og Norsk redningsteneste har vore i sving sidan torsdag kveld for å finna 28-åringen.

Politiet ber folk om å ta kontakt med Kvinnherad lensmannskontor om dei har informasjon som kan hjelpa i søket, eller om dei ønsker å vera med som frivillige.

Leiteaksjonen blir utvida i dagslyset fredag føremiddag, fortel Torgeir Fosse ved lensmannskontoret til Kvinnheringen.