Politiet og hovudredningssentralen leitar etter ein mann som ikkje er komen tilbake etter ein fjelltur. Det skriv Vest politidistrikt på Twitter natt til måndag.
Frivillige mannskap er kalla ut for å delta i søket.
Redningshelikopter frå Sola hjelper òg til frå lufta, melder operasjonssentralen på Twitter.
Politiet leitar i området Melderskin og Malmangernuten.
– Redningshelikopteret er i sving i det området. Vi veit at mannen har vore på Malmangernuten, og vi leitar spesielt i eit område mellom Kuhammaren og Melderskin, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen til BT i 06-tida.
Mannen som er sakna er i 30-åra, opplyser Knappen til Bergens Tidende. Operasjonsleiaren fortel at mannen la ut på tur fredag ettermiddag og at han skulle komma heim søndag ettermiddag.
– Han kom ikkje tilbake som avtalt og har ikkje gitt beskjed. Det er det som er urovekkjande, seier Knappen.
