Laurdag rundt klokka 13.39 fekk politiet melding via AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) om at ein mann var funnen død ved Nonshaug i Omvikdalen.
Den omkomne er ein mann i 50-åra frå Kvinnherad.
Operasjonssentralen til Vest politidistrikt opplyste til Kvinnheringen laurdag at redningshelikopter blei rekvirert, men at det ikkje var snakk om ein redningsaksjon.
Politiet si rolle i samband med dødsfallet har vore å ta seg av varsling av dei pårørande. Det er no gjort.
Det er ikkje mistanke om at noko straffbart skal ha skjedd.
– Vi har oppretta sak, og er samstundes kopla inn for å fastslå dødsårsak. Mannen blei funnen i terrenget av andre turgåarar, og skal ikkje ha lege der lenge. Det er ei tragisk hending, seier Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor.
