Fredag blei ein mann henta opp av sjøen i Dimmelsvik. Livet til vedkomande stod ikkje til å redda, melde Vest politidistrikt i ei pressemelding like før klokka 14.

Den omkomne er identifisert og pårørande er varsla, ifølge politiet.

Naudetatane fekk melding om person i sjøen ved båthamna i Dimmelsvik klokka 11:40 fredag føremiddag. Personen framstod som livlaus, skriv dei.

Ambulanse, luftambulanse, brannvesen og politi rykte ut til staden. Personen blei tatt på land etter kort tid og det blei sett i gang med livreddande førstehjelp.

Han blei etter noko tid erklært død på staden, opplyser politiet. Det blir oppretta rutinemessig sak, men politiet mistenker ikkje at det har skjedd noko straffbart.

Politistasjonssjef i Kvinnherad, Sigurd Børve, fortel til Kvinnheringen at det er ein mann i 80-åra som har mista livet.

– Undersøkingar tyder på at han har vore på sjøen og fiska, og så har noko skjedd då han kom tilbake. Årsak kan vi ikkje seia noko om no.