20 år gamle Marcus Mathisen frå Herøysund har spart opp pengar og kunne nyleg kjøpa seg eit hus på Røssland heilt på eiga hand.

– Familien bygde dette huset i 1967, og det har vore i familien sidan den gong. Og då ho eine av dei to som eigde det døydde i fjor, kom moglegheita om å få kjøpa det. Eg hadde lenge spart til hus og var veldig klar for å kjøpa, så eg vart veldig glad då sjansen bydde seg, fortel den ferske huseigaren.

– Kvifor i Kvinnherad?

– Eg er veldig glad i Kvinnherad, og så er det kort veg heim! Eg er veldig heimekjær, flirer Mathisen.

– Ja det er du, legg kjærasten Serina Avsnes (17) til.

Oppussingsprosjekt

Mathisen fortel at han har planar om å riva terrassen for å drenera rundt heile huset og seinare byggja ein større terrasse. Elles ser han for seg å byta ut kjøkenet på sikt. Kanskje riv han ein vegg for å få ei kjekk, open stove/kjøken-løysing. Det er fleire moglegheiter i det eldre huset.

– Korleis fekk du råd til dette i ein alder av 20?

– Eg har vore veldig heldig med jobben min. Eg har reisejobb i NCC, og den er godt betalt. Mesteparten av pengane kjem frå jobben, og eg har spart mykje kvar månad sidan eg bestemte meg for å kjøpa hus. Elles har eg budd heime, og eg køyrer ikkje bil, så eg sparer pengar på dét òg, svarer Mathisen.

– Det er veldig imponerande, i alle fall no som alt er så dyrt, seier den stolte kjærasten hans.

Når Kvinnheringen spør om kva som er hans beste tips for andre unge som vil kjøpa hus, svarer han:

– Spar mykje, og sett av så mykje du kan kvar månad.

Draumen gjekk i oppfylling

Mathisen fortel at han heile tida har drøymt om å bu heime heilt til han kunne kjøpa seg hus. Han såg ikkje for seg å leiga, han synest det er betre å eiganoko sjølv.

– Eg ville ikkje leiga, for då er det berre pengar ut vindauget. No betalar eg jo til meg sjølv. Eg er veldig heldig som har hatt råd til å kjøpa eigedom, seier Mathisen.

– Har du fått noko økonomisk hjelp?

– Nei, eg har betalt alt sjølv. Eg fekk huset for litt under takst, sidan det er så mykje som må gjerast. Mamma og pappa har hjelpt meg mykje med flyttinga, det er eg veldig glad for. Elles fekk eg behalda alle møblane som stod i huset, så eg trong ikkje kjøpa noko før eg flytta inn, svarer Mathisen.