Marit Vedeld Lindekleiv opnar bedehusdøra på Husnes på vidt gap. Saman med Toril Tjelle Sortland og Therese Lindahl Solheim vil ho arrangera halvannan times sosialt treff her, ein torsdag i månaden, på føremiddagen. Første sprett er den 28. september.
– Dei sa ja med ein gong! seier Marit om responsen hos venninnene då ho lufta tankane ho hadde hatt sidan i vår, med å laga til trivelege, opne treff.
No håpar dei responsen frå folk der ute er like bra.
– Og vi håpar å nå folk som aldri har vore her før. Det hadde vore fint. Det er jo eit kjekt hus vi har her på Husnes, som toler godt menneskeleg aktivitet! seier ho.
Pluss minus 60
– Det første vi diskuterte var kva namn vi skulle ha på arrangementet vårt, seier ho.
Dei enda på Torsdagstreff/60+. Det indikerer at målgruppa er over 60 år, men samstundes minner dei om at pluss minus òg blir pluss.
– Det vil seia at folk under 60 år òg er hjarteleg velkomne, fordi det kan vera ulike årsaker til at ein er ledig om føremiddagen og kanskje treng å gjera noko sosialt, seier ho.
Når det gjeld program, vil det vera aller mest tid sett av til kaffi og drøs med enkel servering attåt. Det vil det vera eit dagens dikt; ein mini-andakt og litt refleksjon rundt det, og sjølvsagt musikk. Den vil vera attkjennande.
– Folk skal få syngja, fordi vi trur folk likar å syngja, men det finn vi ut etter kvart, smiler Marit Vedeld Lindekleiv.
– Det handlar mest av alt om å spreia godt humør og glede; få ei oppmuntring som løftar oss i kvardagen. Det treng vi alle, seier ho.
I staden for inngangspengar skal det vera ein frivillig kollekt. Og pianist til allsongen treng dei ikkje leiga inn.
Marit Vedeld Lindekleiv har vore tilsett som organist i Kvinnherad kommune i 17 år, og verka i heile kommunen, men primært i Eid og Fjelberg, Husnes og Holmedal kyrkjer. Eit arbeidd ho treivst god med.
– Korleis kjennest det å bli pensjonist?
– Det kjennest godt, og eg trur det blir fint. Og det er bra å ha noko meiningsfylt å fylla dagane med, seier ho.
