Husnesingen har sidan 2016 jobba mot å ta 1. plassen i NM i roadracing, men har måtta ta til takke med 2. plassar. Fram til no.

Laurdag kunne Ripel Jensen endeleg jubla for NM-gullet etter å ha sikra seg samanlagtsigeren under dagens køyring i Sokndal i Rogaland.

– Dette er veldig stort. Eg har prøvd på dette i nokre år no. Dei siste åra har vi vore uheldige. Nokre små feil har øydelagt. Men no endeleg klarte vi å dra det i land, seier 30-åringen til Kvinnheringen laurdag kveld.

– Det er ekstra deilig når eg har alle desse folka frå Kvinnherad og andre stadar rundt meg, rosar gullvinnaren.

Han fortel at laget og dei andre tilreisande sit og slappar av laurdag kveld etter køyringa.

– Det blir nokre øl, men det er køyring igjen i morgon. Vi går for siger då òg.

Trass i at 1. plassen no er innkassert, har Ripel Jensen ingen planar om å parkera sykkelen sin med det første.

– Eg vil køyra NM i roadracing til neste år òg, men det store målet er å køyra i utlandet. Det er ein dyr hobby dette, så vi får sjå kva vinteren bringar før vi bestemmer oss for kva vi kjem til å satsa på, seier han, og legg til:

– Det har vore mykje hard jobbing og tunge stunder. Heldigvis har eg sponsorar og gode folk rundt meg. Eg vil takka dei og alle som heiar og følger med på meg.