Nye reglar gjer at Marius vurderer å trekka seg frå NM

– Slik det har blitt no med fleire store endringar gjer at vi vurderer å reisa til Sverige eller andre land for å delta i meisterskap der.

– Slik det har blitt no med fleire store endringar gjer at vi vurderer å reisa til Sverige eller andre land for å delta i meisterskap der. Foto:

Marius Ripel Jensen skulle i år kjempa om kongepokalen i NM i roadracing, men utøvaren fortel at endringar i reglementet gjer det nesten umogleg for han å delta.

DEL

I fleire månadar har Marius Ripel Jensen førebudd seg til han skulle delta i NM i roadracing i juni. Ikkje nok med at husnesingen kunne blitt norgesmeister, han kunne også vunne kongepokalen. Ein premie som blir delt ut i denne motorsportgreina kvart sjuande år, og er den største pokalen ein kan vinna. Men på onsdag blei det lagt ut ein Facebook-status på heimesida til Jensen, der det står at han truleg ikkje vil delta i NM. Då Kvinnheringen tar kontakt med Jensen fortel han at endringar i reglementet gjort av Norges Motorsportforbund, gjer det vanskeleg for han å kunna delta.

– Slik det har blitt no med fleire store endringar gjer at vi vurderer å reisa til Sverige eller andre land for å delta i meisterskap der.

Arne Viken, koordinator i teamet til Jensen, fortel at endringane kom veldig seint.

– Det betyr at vi er nøydde til å gjera om på sykkelen og andre føresetnader for konkurransevilkåra. Dette burde vi fått vita om allereie i vinter. Derfor vurderer vi om vi skal trekka oss eller køyra, seier Viken.

Koordinatoren fortel at endringane gjer at sykkelen er nøydd til å byggast om, og elektronikken må endrast. No er ikkje lenger sykkelen Jensen har trent med lovleg å bruka i norsk meisterskap.

– Frustrerande

– Eg har brukt utruleg mykje tid på førebuing, både på banen og på tenking. Eg har allereie planlagt heile sesongen i NM, og har lagt opp ferie og alt til det. No er alt på pause, seier Jensen.

Marius Ripel Jensen har brukt mykje tid på å førebu seg til NM. No er alt på pause.

Marius Ripel Jensen har brukt mykje tid på å førebu seg til NM. No er alt på pause. Foto:

Han var to veker i Spania og trente i romjula, og skal ned igjen i påsken for å trena. Han fortel at viss dei endrar sykkelen til dei nye reglane må utøvaren begynna heilt frå start igjen med treninga, noko han finn veldig frustrerande. Dette fordi alle personlege preferansar på sykkelen, korleis den oppfører seg, må nullstillast. Det vil seia at den går tilbake til grunnoppsettet.

– Derfor tenker eg at eg heller vil prøva å satsa i utlandet. Der er sykkelen lovleg, og eg slepp å endra på noko utan at det kostar meg mykje pengar, seier Jensen.

Viken fortel at endringane kom så seint frå motorsportforbundet at det vil gi Jensen ein konkurransebakdel.

– Det er veldig mange vi har prata med i private samtalar som fortel at dei seriøst vurderer å trekka seg, seier koordinatoren.

Han fortel at det er ein dialog med forbundet, men at han er veldig usikker på kva som kjem til å skje.

– Vi håpar jo at det løyser seg, det er det som er det viktige, avsluttar Viken.

– Ikkje riktig

Greinansvarleg for roadracing i Norges Motorsportforbund, Anita Sæther, seier til Kvinnheringen at reglementet så og seia er likt som i fjor.

– Det er nokre unntak som er gjort frå det internasjonale reglementet som gjer det mindre kostbart for utøvarane å delta i år, seier Sæther.

Ho avviser også at reglementet kom seint ut, og fortel at det normalt sett kjem ut i løpet av mars, og at det i år kom ut 5. mars. Når det gjeld elektronikken Jensen må endra for å delta i NM, seier Sæther at det ikkje er riktig.

– I fjor sa vi at elektronikken var fri, men vi oppfordra om å visa moderasjon då vi ikkje visste korleis reglementet ville bli i 2019. Men det er stort sett det same.

Elles rosar Sæther «Team Ripel'n» som eit godt bidrag i norsk roadracing, men synest det er synd at mykje av dialogen har gått over Facebook.

– Ei fjør blir fort til fem høns utan at nokon eigentleg har sett seg inn i kva som er greia. Det er synd og resulterer i unødvendig støy, seier Sæther.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags