Markerte støtte til Aksnes-innsamlinga med konsert

Veteranbandet i Uskedalen musikklag i aksjon utanfor Spar-butikken.

Veteranbandet i Uskedalen musikklag i aksjon utanfor Spar-butikken. Foto:

Av

Laurdag middag stilte åtte av medlemmene i veteranbandet i Uskedal musikklag opp med konsert og markerte si støtte til innsamlingsaksjonen som no går føre seg for å gi nakkeskadde og ME-sjuke Eirik Aksnes ein nødvendig og viktig operasjon i Tyskland.

DEL


Konserten var ved SPAR Uskedalen, og trass i det kjølige vêret var det ein god del som stoppa opp og fekk med seg heile eller delar av konserten.

Etter innleiingsnummeret fortalde tubaist Thor Inge Døssland at det hadde gjort sterkt inntrykk på musikarane i bandet då dei las om situasjonen til Eirik Aksnes og familien rundt han i lokalavisene. Dei ønskte sterkt å bidra til spleisen, og for å tilpassa det korona-situasjonen, enda dei opp med å halda denne konserten for å skapa publisitet om saka.

I tillegg til at dei presenterte ei konsertavdeling med åtte publikumsvennlege og varierte nummer, delte dei også ut kort med informasjon om korleis folk kan støtta innsamlinga.

LAPPAR: Veteranbandet delte ut slike lappar som viser korleis ein kan støtta spleisaksjonen.

LAPPAR: Veteranbandet delte ut slike lappar som viser korleis ein kan støtta spleisaksjonen.

Det har vore svært stor respons på innsamlinga, og det er til no (laurdag 17. oktober) samla inn vel 236.600 kr, 59 % av målet på 400 000 kr. Operasjon og ambulansetransport til Tyskland kjem på om lag 750.000 kroner, så det er å håpa at givargleda held fram dei åtte dagane som er att av perioden for spleis-innsamlinga. Dei som ønskjer meir informasjon om innsamlinga, finn det på https://www.spleis.no/project/125312

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken