Martin skuffa etter vraking

SKUFFA: Martin Femsteinevik er utruleg skuffa over at han ikkje fekk plass i IBU-cuptroppen som skal gå renn i Polen, Tyskland og Sveits dei neste vekene.

SKUFFA: Martin Femsteinevik er utruleg skuffa over at han ikkje fekk plass i IBU-cuptroppen som skal gå renn i Polen, Tyskland og Sveits dei neste vekene.

Av

Toppidretten kan vera brutal. Det går Martin Femsteinevik og kjenner på etter at han fekk beskjed om at han ikkje er tatt ut til dei tre kommande IBU-cuprundane.

DEL

Martin Femsteinevik var den første som hamna utanfor sigerspallen på sprinten i Hallingdal på laurdag med sin fjerdeplass. Det var to landslagsløparar og ein tidlegare VM-vinnar som slo 24-åringen, som var best av dei som jakta IBU-cupplass.

På fellesstarten søndag hadde han ein gyldig sjanse til å bli norgesmeister, for han skaut fort og trefte på dei 15 første skota. Men med tre bom på den fjerde og siste serien blei han dessverre nummer åtte. Han blei ikkje tatt ut til IBU-cup-troppen.

– Det er fattig trøyst å få beskjed om at eg er førstereserve. Det kan fort skje at ein av dei som er tekne ut på verdscup eller IBU-cuplaget er ute, og då inneber det at eg eg på kort varsel kan få beskjed om å setja meg på flyet. Men eg eg må innrømma at det er bittert at eg ikkje får sjansen når forma er så god som det som er tilfelle no. Spesielt når nokre av dei som ikkje stilte i helga er blitt tatt ut, seier Martin Femsteinevik.

Det minner han på at det er vanskeleg å få konkurrera i utlandet for Norge så lenge du ikkje presterer veldig bra i opningsrennet og får sjansen frå starten av. For det viser seg på nytt at det er jamt over lettare å forsvara ein plass enn det er å gå seg inn i ein iBU-cuptropp.

Kjempeutgangspunkt

– Eg hadde eit kjempeutgangspunkt etter den gode sprinten på laurdag. Det meste av fellesstarten var det også klasse over. Men så glapp det på den siste skytinga. Dei tre bomma kom nok som ein konsekvens av at eg hadde gått tøft i sporet, og det var mykje som stod på spel, seier Martin til Kvinnheringen.

Friskusen måtte tola tre strafferundar mot slutten. Med éin mindre hadde han vore sjølvskriven på IBU-cuplaget. I så fall hadde det blitt renn i Polen, Tyskland og Sveits den neste månaden. I staden blir det norgescup og mindre renn viss han ikkje då blir kalla inn på kort varsel. Martin håpar det skal by seg ein sjanse. Men han kan som han seier ikkje gå rundt og håpa at lagkameratar blir sjuke. For han handlar det om å vera klar dersom sjansen byr seg. Han legg ikkje skjul på at det er tøft å svelga at dei tok ut ein IBU-cuptropp utan å finna plass for den som imponerte aller mest av utfordrarane i helga.

Burde ha vore nok

– Eg meiner det eg presterte i helga burde halde. For eg var den beste utanom Alexander Os og dei to landslagsløparane på laurdag. Det var heller ikkje mange millimeter på standplass og sekund i sporet som skilde meg frå ei pallplassering og medalje, sa Martin.

Med medalje ville han vore klar for nokre veker i Mellom-Europa. Det er tanken på det som gjer det så smertefullt å tenka på at han med eitt treff meir ville ha vore klar for konkurransar i dei tre landa.

– Eg får prøva å slå sterkt tilbake. Men eg fryktar at dette var min sjanse til å få gå IBU-cup i vinter, seier 24-åringen som ikkje fekk den uttelljinga han ønskte seg i etterkant av to gode renn på Liatoppen og øvst i Hallingdal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags