Open informasjonskveld: Korleis påverkar matvanar oss?

Ragnhild Lekven Fimreite skal halda føredrag om kosthald på biblioteket. (Pressefoto).

Ragnhild Lekven Fimreite skal halda føredrag om kosthald på biblioteket. (Pressefoto).

DEL

Vil du vita meir om korleis du kan få til enkle, gode og oppbyggande kosttiltak i kvardagen? Og om korleis matvanane dine påverkar deg på godt og vondt?

Torsdag ettermiddag den 12. mars blir det open og gratis informasjonskveld på Kvinnherad bibliotek, arrangert av Kvinnherad kommune, Mental helse, Valen sjukehus, Folgefonn DPS Helse Fonna og FoU-eining for samhandling i samarbeid med biblioteket.

I dette føredraget med Ragnhild Lekven Fimreite får du tips om det viktigaste grunnlaget for gode kostvanar. Ragnhild Lekven Fimreite er klinisk ernæringsfysiolog, og jobbar no ved Haukeland Universitetssjukehus, Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter og driv eiga nettside om ernæringsfysiologi.

Artikkeltags