Skikkeleg «griseri» på skulekjøkenet

Halve klassen som fekk vera med å partera ein gris onsdag førre veke. F.v. Karoline G. Duncan, Malene K. Antonsen, Sondre Njøs, lærar Inger-Elin Nesheim, Vilde Ø. Engelsen, Maia Pile, Bertine Nygaard, Adrian N. Sjo, Theo F. Håvik, Majken Juus, Vetle T. Hveem og Julie Oline S. Reigstad. Etterpå skulle den andre halvdelen av klassen få partera resten av griseskrotten.

Halve klassen som fekk vera med å partera ein gris onsdag førre veke. F.v. Karoline G. Duncan, Malene K. Antonsen, Sondre Njøs, lærar Inger-Elin Nesheim, Vilde Ø. Engelsen, Maia Pile, Bertine Nygaard, Adrian N. Sjo, Theo F. Håvik, Majken Juus, Vetle T. Hveem og Julie Oline S. Reigstad. Etterpå skulle den andre halvdelen av klassen få partera resten av griseskrotten.

Artikkelen er over 4 år gammel

Onsdag førre veke blei «Miss Piggy» om til kjøtdeig, ytrefilét og «spare ribs» på skulekjøkenet til Halsnøy skule. Sjå video nedst i saka!

DEL

Nokon vil kanskje synast at det er noko makabert, men det er no ein gong slik at maten vår blir laga på denne måten. Klassen til Vetle Tellefsen Hveem på Halsnøy skule var så heldige å få ein griseskrott på 30 kilo i gåve av bestemora hans, Clara Hveem. Dermed fekk elevane vera med på å partera skrotten då dei hadde faget Mat og helse, etter at lærar Inger-Elin Nesheim hadde preparert den kvelden før. Målet var å bruka mest mogleg av den flotte råvara dei hadde fått.

– Vi har skjert opp grytekjøt som kan brukast i wok, til dømes, vi skal laga «spare ribs» av ribbene, vi har skjert til ytrefilet, og mindre kjøt og feitt skal kvernast til kjøtdeig, forklarte Nesheim.

Elevane fekk også studera hovudet på grisen, hjarta, og lungene. Nesheim demonstrerte korleis lungene fungerte, ved å blåsa dei opp med eit sugerør.

– Korleis var det å partera ein gris?

– Det stinka i begynnelsen! sa Sondre Njøs. Han har nemleg vore med på å partera ein sau tidlegare, og fortalde at det ikkje lukta like mykje.

Nokon av elevane syntest det var litt ekkelt, og dei kunne i staden få baka rundstykke om dei ville det. Men dei fleste syntest det var spennande og kjekt å få partera grisen.

Skulen har fokus på kortreist mat og sjømat denne hausten. Gjennom det nasjonale kosthaldsprosjektet Fiskesprell har skulen fått støtte til å kjøpa inn sjømat til undervisning i mat og helse-faget. I november skal elevane invitera til foreldrekveld der ungane serverer mat.

– Eg meiner det er bra at ungane får sjå korleis maten vi et blir til, og at dei veit at dette dyret har levd eit liv her i nærmiljøet. Det handlar litt om identiteten vår også, kva kortreise råvarer som finst rundt oss. Denne grisen var ei flott gåve, seier Nesheim.

Artikkeltags