«Mini-Asia» i Kvinnherad

For 23 år sidan opna kinarestauranten på Husnes. No finn du thai-vogner i kvar av dei største bygdene i Kvinnherad, heile fire til saman. Her får du bli litt betre kjent med dei som diskar opp eksotisk, fargerik og smakfull mat til kvinnheringane .
Publisert

Kvinnheringen har besøkt heile seks av sju asiatiske eteplasser i kommunen. Den einaste vi dessverre ikkje fekk høve til å stikka innom, var Trallehuset på Halsnøy, fordi drivaren av restauranten var på ferie då denne reportasjen blei laga.

China Palace restaurant Husnes

– Vi måtte jo tena pengar, og korleis elles skulle vi gjera det enn å laga mat?, ler Zhong Hou Quing.

Han har drive kinarestauranten på Husnes saman med kona Xu Shu Luan i 23 år. Quing er utdanna kokk i Kina, men etter å ha jobba der i eit par år, ønskte han å flytta.

– Den kinesiske arbeidsgivaren min dreiv også restaurantar i Norge, så eg spurde om eg kunne få jobba på ein av dei. Då eg fekk ja, flytta vi.

Quing og Luan kom til Norge i 1991. Etter nokre år i Porsgrunn flytta dei til Husnes.

Restauranten ser ofte tom ut på dagtid, men kokken fortel at det er nok kundar innom til at det går rundt.

– Det kjem litt folk heile tida, så det går bra, seier Quing.

Men kvifor nordmenn ser ut til å vera så glade i asiatisk mat, er han ikkje sikker på:

– Vi lagar mat, kundane vert glade. Kanskje dei et så mykje norsk mat at dei vert leie av den? fleipar han.

– Det er kanskje fordi smakane passar alle. Kinamat er jo nærast blitt internasjonalt, ein kan få det nesten uansett kor ein reiser i verda, seier Quing.

Sidan han starta restauranten for 23 år sidan, har det kome til fleire asiatiske restaurantar og take away-alternativ i Kvinnherad.

– Men eg trur ikkje nokon av dei andre har kinamat, seier han.

Vidare fortel han at han ikkje hadde opna kinarestaurant på Husnes om det var fleire slike restaurantar her, og at han heller ikkje trur nokon andre kjem til å tora å satsa på det.

– Det er ein for liten plass til at to restaurantar av same type kan overleva.

Quing føler ikkje særleg på konkurransen frå thaivognene, då han meiner maten deira ikkje liknar så mykje på den dei lagar på China Palace restaurant.

– Thaimat er mykje søtare enn vår mat. Vi har sjølvsagt nokre søte rettar også, men stort sett har vi litt andre smakar. I tillegg lagar vi også litt norsk mat, og vi prøver oss på nye rettar heile tida. Vi likar å ha nye rettar til kundane slik at dei ikkje går leie, forklarer kokken.

Her er tre anbefalingar frå menyen:

1. Ytrefillet av okse og kylling i peparsaus

2. Kylling i kinesisk honningsaus

3. Pang pang biff

Thaimaten Husnes

Chanya Khankittichock starta bølgja av thailandsk takeaway i Kvinnherad. Ho opna i 2010, og var førstemann ute med ei såkalla «thaivogn», som ein no finn i fleire av bygdene i kommunen.

Khankittichock er eigentleg utdanna innan marknadsføring i Thailand, men denne utdanninga var ikkje gyldig i Norge.

– Skulle eg ha jobba innan marknadsføring i Norge måtte eg ha vidareutdanna meg, i tillegg til at ein må vera veldig god i norsk, fortel ho.

Khankittichock jobba derfor først nokre år i Vibe då ho kom til Norge, men grunna problem med ei hand kunne ho ikkje halda fram med det.

– Det er vanskeleg å finna jobb, så eg fann ut at eg kunne laga mat.

Det at fleire har opna thailandsk takeaway i kommunen, bekymrar ikkje Khankittichock.

– Eg har mine faste kundar, og dei kjem alltid igjen, smiler ho.

Ho gjer forresten stort sett det – smiler.

Ho er i fullt arbeid medan underteikna besøkjer ho på arbeidsplassen, med steiking av kyllingspyd, fritering av vårrullar og woking av grønsaker i full fart. Trass i den vesle plassen, er alt under kontroll – og like reint – heile tida. Khankittichock jobbar som oftast åleine, berre når det skjer spesielle arrangement på Husnes hentar ho inn hjelp.

– Til vanleg er det akkurat passeleg med kundar til at eg kan laga maten åleine, fortel ho.

Khankittichock meiner thaimat er lett å lika, og trur det er derfor så mange kvinnheringar har blitt så glade i maten ho lagar. I tillegg gjer ho små endringar i oppskriftene ho har med seg frå heimlandet, slik at maten skal passa norske ganar betre.

– Det er mykje krydder og smakar i den thailandske maten, noko eg har sett at kan bli litt mykje for mange nordmenn. Derfor hender det eg justerer oppskriftene litt, fortel ho.

Khankittichock synest det er viktig med gode råvarer, og reiser til Haugesund for å handla det meste av det ho treng. Men når ho kjem tilbake til Norge etter å ha vore heime i Thailand, har ho også med seg mykje godt. Til og med friske urter hentar ho med seg til Norge, og frys ned.

– Ein får tak i det meste i Norge, men dei beste råvarene får eg frå Thailand, fortel ho.

Hennar tre anbefalingar frå menyen er desse:

1. Kyllingpinnar og svinepinnar

2. Phad Pik Thai Dam

3. Panaeng Karri

Siri Thaimat

Siriporn Hellen lagar mat, medan mannen hennar Tore Hellen følgjer med.

Siriporn Hellen lagar mat, medan mannen hennar Tore Hellen følgjer med.

Det nyaste tilskotet til den asiatiske matverda i Kvinnherad er thai-takeaway-vogna til Siriporn Hellen på Sæbøvik. Ho opna vindaugsluka i februar i år.

– Eg hadde lyst å starta for meg sjølv, fortel Hellen, som tidlegare har hjelpt til både hos Chanya Khankittichock på Husnes, og Pornthip Pomngern i Uskedalen. Ho har vore mykje med mannen sin på fiske, og jobba litt hos Vibe og på Dill.

Og når Hellen først skulle starta for seg sjølv, så skulle det vera gjennomført. Vogna er dekorert med friske fargar, og den rosa t-skjorta hennar står i stil med den rosa menyen, dei rosa blomane og dei rosa bokstavane som fortel at du er kome til Siri Thaimat.

– Eg hadde restaurant i Thailand også, og eg har gått på matlagingskurs etter eg kom til Norge, fortel Hellen.

– Eg liker å laga mat, og det er kjekt å møta folk.

Oppstarten har kravd mykje hardt arbeid, men resultatet har blitt bra: Halsnøybuen ser ut til å vera nøgde med maten. Mannen hennar, Tore Hellen, fortel at han ofte vert stoppa på Sæbøvik.

– Dei skryt veldig av maten til Siriporn. Men det skulle berre mangla slik ho står på! seier han.

Stort sett er Hellen på jobb åleine, men ho får litt hjelp frå mann og son når det er behov for det. Det er greitt med kundar, men det er ikkje til å koma ifrå at det har vore ein del ekstra utgifter i samband med oppstarten, mellom anna med å få innlagt kloakk, vatn og å få bygd plattingen utanfor.

– Men det går seg nok til etter kvart, smiler Hellen.

Siri Thaimat har også halde ope nokre timar natt til søndag, noko som har vist seg å vera lurt.

– Når ungdommane kjem frå fest er dei svoltne, så då kjem det mange hit, seier ho.

Hellen fortel også at ho har små hemmelegheiter for å få maten sin til å skilja seg litt ut frå dei andre:

– Ingen lagar maten på same måten, vi har alle våre eigne måtar å gjera det på. Eg har for eksempel meir kjøtt enn mange andre i vårrullane mine. I tillegg kan kundane bestemma kor sterk dei vil ha maten, slik at dei toler den. Men ikkje alle nordmenn er like «pinglete» – nokon ber om at eg skal gjera maten sterkare!

Hellen verkar veldig nøgd med oppstarten, og gler seg til hamna på Sæbøvik blir fylt opp med turistar.

– Eg trur sommaren vert bra, smiler ho.

Hellen anbefaler desse rettane:

1. Stekt oksekjøtt med østerssaus

2. Mix

3. Vårrullar

Spiskammerset Rosendal

– Det har alltid vore eit mål i livet å driva mi eiga bedrift, fortel Connie Jørgensen.

Sidan 2003 har Jørgensen drive Spiskammerset i Rosendal. Det heile starta då filippinaren fekk enormt med ros for vårrullane ho selde på gata i Rosendal. Det vart tomt på éin og ein halv time, og ho fekk i ettertid mange førespurnadar av folk som ville smaka meir av maten hennar.

– Eg har utdanning innan Business Administration frå Filippinene, men eg har alltid likt å laga mat, seier Jørgensen.

Å starta eigen restaurant vart då ein god kombinasjon av både utdan-ninga og interessa hennar. Og med ei tante som er kokk, og ei mor som lagar mykje mat, var det ikkje rart at rosendølingane vart imponerte. Jørgensen fortel at ho brukar hemmelege familieoppskrifter som ho sjølv lærte å laga då ho berre var fem-seks år gammal. Dei finst ikkje nedskrivne, ho har dei i hovudet.

– Ikkje ein gong dei som jobbar her får vita hemmelegheitene mine! Berre dotter mi kan dei, og eg kjem kanskje etter kvart til å læra dei vekk til lærlingen min, Tamires.

Jørgensen kom til Norge i 1989 i håp om å betre kunna forsørgja foreldra sine herifrå.

– I Norge har alle sjansen til å få eit godt liv, men ein må jobba hardt for det, meiner ho.

Og jobba hardt, det fortel Jørgensen at ho har gjort:

– Eg har jobba kvar dag sidan 2003, med unnatak av litt fri i midten av desember og midten av januar.

Elles har ho ikkje ein gong helgefri.

– Når ein driv sjølv, går det ikkje om ein ikkje står på. Folk har forventningar til maten, så det er viktig at eg er her og forsikrar meg om at den alltid er like bra. Det er jo berre eg som kan oppskriftene skikkeleg, seier Jørgensen.

På Spiskammerset kan ein få både norsk og filippinsk mat.

Connie Jørgensen (i midten) med Charlotte Albrethson(t.v.) og lærling Tamires Emmerhoff (t.h.).

Connie Jørgensen (i midten) med Charlotte Albrethson(t.v.) og lærling Tamires Emmerhoff (t.h.).

– Eg trur nordmenn likar den filippinske maten, då den har gode og spennande smakar. Filippinene har vore spansk og amerikansk koloni, så ein kan kjenna litt smakar frå desse landa også. Dessutan lagar eg ikkje maten så sterk, for det er viktig at også barn kan eta den, fortel kokken.

Spiskammerset går godt, men Jørgensen merkar at vintermånadane er litt hardare enn resten av året.

– Men eg sparar overskotet frå sommaren, så då går det greitt. Dei fleste takeaway-eteplassane stengjer om vinteren, men eg synest det er viktig å halda ope heile året.

Jørgensen sine meny-anbefalingar kjem her:

1. Sissling

2. Stekt ris

3. Asiatisk snadder

Rosendal Thaimat

Sudjai Pedersen driv thailandsk takeaway i Rosendal. No før turistse-songen startar held ho berre ope i helgene, men ho jobbar like mange timar som i ei heil arbeidsveke.

– Det var keisamt å berre gå heime, og eg er så glad i å laga mat, smiler Pedersen.

Ho opna thai-takeaway i 2011 i Omvikdalen, før ho flytta til kaia i Rosendal i 2013. Her ligg ho perfekt til når båtturistane kjem, og då vert køane lange. Pedersen held ope frå rundt påsketider til ut august, og når ho opnar for sesongen kjem dei faste kundane og takkar for at ho igjen kan fryda ganane deira med spennande thailandske smakar. Pedersen har kokkeutdanning frå Thailand, og heilt frå ho var 13 år gammal jobba ho i restaurantar i heimlandet.

– Det er god mat, og mykje av det er sunnare enn den typiske norske maten, då det er meir grønsaker i rettane, seier Pedersen.

All maten du får hos Rosendal Thaimat er fersk og laga same dag. For å få dette til, må Pedersen starta arbeidsdagen allereie i 7–8-tida om morgonen, trass i at ho ikkje opnar før på ettermiddagen.

– Eg lagar den maten eg sjølv likar best, og så trur eg eg lagar maten litt annleis enn dei andre thaivognene. Mange er redde for å bruka chili fordi dei ikkje trur nordmenn tåler det, men eg synest det er viktig å få fram dei rette smakane.

Pedersen har budd i Norge i 27 år. Her føler ho seg heime.

– Norge er eit veldig fint land, og no er det også blitt mitt land. Her har eg familie og jobb, og det er gode utdanningsmoglegheiter og eit godt helsevesen. Eg er glad for å kunna vera ein del av dette, smiler ho.

Pedersen verkar nøgd medan ho wokar og rører i grytene. Lukta av herlege krydder gir oss vatn i munnen, og smilet til kokken er smittande.

– Eg kosar meg her, det er så kjekt å møta og bli kjend med folk, seier ho.

– Og der kjem ein av mine faste kundar! seier Pedersen og nikkar ut av glaset.

Syklande kjem Per Bråtun, som er klar til å bestilla dagens middag.

– Eg er her ofte når ho har ope, gjerne både laurdag og søndag i helge-ne. Og på sommaren når ho har ope alle dagar, er eg her i alle fall to til tre gonger på ei veke, innrømmer Bråtun.

– Det er god mat, rett og slett, smiler han.

Pedersen anbefaler desse rettane frå menyen:

1. Kylling i raud karri

2. Pathai

3. Padkapau

Poon Tip's Thai take-away

Ved grana i sentrum av Uskedalen lagar Pornthip Pomngern velduftande mat på femte året. Mange som opnar thaivogner har vanskar med å få annan jobb i Norge, men dette har ikkje vore tilfellet for Pomngern.

– Eg har hatt mange ulike jobbar, men eg hadde lyst til at folk skulle smaka maten min, seier ho.

– Eg er jo veldig glad i å laga mat, og mannen min er flink til å testa om den er god, ler kokken.

Pomngern kom til Norge for 27 år sidan.

– Eg var på jakt etter kjærleiken, fortel ho.

Og sju år etter at ho kom hit, fann ho den.

– Eg serverte på ein thairestaurant i Haugesund, og ein dag kom mannen min for å eta der.

Dei beskriv det som kjærleik ved første blikk.

Pomngern har stått på sidan ho kom til Norge for å lukkast.

– Eg fann fort ut at det var viktig å kunna språket og å kunna køyra bil for å få ein skikkeleg jobb. Så eg melde meg på norskkurs, og eg starta å ta bilsertifikat. Eitt og eit halvt år etter at eg kom til Norge, hadde eg lappen, fortel ho.

Pomngern har vore flink til å tilpassa seg for å få det til i Norge, og no tilpassar ho også maten til kundane.

– Eg lagar smakar som eg veit nordmenn liker. Det er viktig at det ikkje er for sterkt.

Pomngern har delteke på kokkekurs i Thailand, men ferdig utlært meiner ho at ein aldri blir:

– Eg leverer aldri frå meg maten utan å ha smakt på den sjølv. Og ved å smaka og prøva meg fram, utviklar eg stadig maten.

Korleis maten ser ut er også viktig for kokken:

– Den skal smaka godt, og den skal vera fin å sjå på.

Pomngern innrømmer at det er mykje arbeid med å driva thai-takeaway. På dei sju månadane ho held ope i løpet av året, jobbar ho inn eit årsverk. Det er også lange dagar, ho er gjerne 14 timar i vogna til saman. Også dagane ho held stengt må ho gjera klart til ho skal opna igjen. Trass i det harde arbeidet synest ho det er verd det, framfor alt når kundane kjem og takkar ho for den gode maten. Mange kundar kjem igjen og igjen, men det kjem også nye til.

– Det er faktisk mange fleire kundar i år enn i fjor, fortel ho.

Pomngern sine anbefalingar frå menyen er desse:

1. Thai Tapas

2. Pathai

3. Pad Nuea Kah Prou

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken