Opnar dørene til helga

Førstkomande fredag opnar dørene til Smakifrå Oska i Uskedalen. Kokk og gründer Roy Lervåg gler seg til å servera julebuffet til kvinnheringane. (Arkivfoto)

Førstkomande fredag opnar dørene til Smakifrå Oska i Uskedalen. Kokk og gründer Roy Lervåg gler seg til å servera julebuffet til kvinnheringane. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 4 år gammel

Kokk og gründer Roy Lervåg er klar til å køyra første arrangementet til Smakifrå Oska førstkomande helg.

DEL

Fredag held Lervåg første julebordet sitt i det tidlegare vertshuset i Uskedalen, som no skal få nytt liv. Her kan julematsvoltne gjester sjå fram til klassisk julebordbuffet i koselege omgjevnadar.

– Etter mykje tilrettelegging kan eg endeleg melda om at Smakifrå er klar til å opna Oska, det nye gamle vertshuset på kaia i Uskedalen, skriv Lervåg i ei pressemelding.

Smakifrå er matkonseptet hans, medan Oska er sjølve huset. I lag blir det heile til Smakifrå Oska. Formannskapet sa ja til skjenkeløyve i sist møte, så no skal det meste liggja til rette for ein ny, spennande serveringsstad for kvinnheringar og tilreisande.

– Framover mot jul skal vi ha fleire forskjellege arrangement som er opne for både private og bedrifter. Det blir for det meste julerelaterte arrangement fram mot jul, så blir neste prosjekt å laga ein kvardag når vi kjem over til eit nytt år, melder Lervåg.

Beste juleøl

Han seier han håpar Smakifrå Oska kan bli ein samlingsstad for god mat, kunst og kultur, ein stad der alle er velkomne. Han gjer òg Oska tilgjengeleg som selskapslokale, samt at han har tilbod om catering for dei som ønskjer å ha selskap i heimen.

– Eg satsar på å halda fleire ulike arrangement som er relatert til mat og drikke, som til dømes matkurs, vinsmaking og testing av sesongbaserte ølvariantar. Kanskje òg inspirasjonskurs i jaktsesongen med tips om vidareforedling av viltet. Moglegheitene er mange, seier Lervåg.

Alt fredagen veka etter oppstarten vil han invitera kvinnheringane til å koma og kåra det beste juleølet.

– Nokre brygg passar til peparkakene, nokre til pinnekjøtet og andre kanskje til kalkunen eller ribba. Vi ønskjer å invitera deg til ein uhøgtideleg, men seriøs smaking, kor vi tar for oss smaksprøvar av 15 ulike variantar av årets juleøl, lokkar Lervåg.

Kvelden etter inviterer han til lutefisklag. For å dekorera lokalet inviterer Lervåg lokale kunstnarar med på laget.

– Eg har mange kvite, tomme veggar, og stiller desse til disposisjon om det er lokale kunstnarar som ønskjer å visa fram uttrykk dei held på med, seier Lervåg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken