Kortreist festivalmat

Rune Hjønnevåg smakar på ein av Festidalen-fiskeburgarane. Vi fekk også smaka, og kan skriva under på at dei er snadder!

Rune Hjønnevåg smakar på ein av Festidalen-fiskeburgarane. Vi fekk også smaka, og kan skriva under på at dei er snadder!

Festidalen sin meny inneheld både lokalprodusert og kortreist snadder, som til dømes fiskeburgar frå Hjønnevåg. Rundt 300 av desse er no overlevert frå produksjonslokala til festivaljordet.

DEL

Onsdag føremiddag var alle burgerane fint pakka i esker og klare til levering hos Festidalen.

– Det er veldig kjekt å få levera lokalmat til Festidalen, og det er noko vi set pris på og synest er ekstra stas. Vi skal òg levera krydderlaks til næringsseminaret, seier dagleg leiar ved Hjønnevåg, Marit Hjønnevåg.

Onsdag pakka Rune og Marit Hjønnevåg rundt 300 fiskeburgarar og leverte dei til Festidalen. Mange likar desse burgarane veldig godt.

Onsdag pakka Rune og Marit Hjønnevåg rundt 300 fiskeburgarar og leverte dei til Festidalen. Mange likar desse burgarane veldig godt.

Ho kan fortelja at fiskeburgerane er laga av kvitfisk  og sei, med mellom anna purre i. Dei er glutenfrie, så det er mat for folk flest, seier Hjønnevåg.

Hjønnevåg produserer desse også til dagleg, men dei blir stort sett sendt rundt i landet, og er ikkje så lett å få tak i i Kvinnherad, utanom under Festidalen.

Mykje godt

Hjønnevåg sin fiskeburgar har vore fast på menyen til Festidalen i mange år, det same har kjøtburgaren frå Lundal og pølsene frå Friheim gardsmat. Men heilt nytt av året er ei «spicy» linsesuppe.

– Vi tenkte at det ville vera godt med noko varmt viss det blir litt kjøleg utpå kvelden, og det er fint å ha eit ekstra kjøt-, gluten- og laktosefritt alternativ for dei som ønskjer det, fortel menyansvarleg Hanne Bakke Berntsen i Festidalen.

Og ikkje nok med det; dei som vil ha noko søtt til den spesialbrente Festidalen-kaffien frå Bergen kaffebrenneri, kan kjøpa seg nysteikte lappekaker frå Lappebuo med røre laga av Omvikdalen Bygdekvinnelag, eller is frå Isrosa. I tillegg har burgarane tomater og agurk frå Vaage gartneri på Sunde. Og Festidalen har som alltid sitt eige øl, i år produsert av Mykle Mikrobryggeri i Omvikdalen. Ølet har fått namnet «Tverrfjell», oppkalla etter fjellet som skil Omvikdalen frå Uskedalen, og er av typen «pale ale».

Artikkeltags