Jarlsbergproduksjonen vert flagga ut av landet. Det går ut over norske bønder. Torsdag fekk dei tips til alternative næringsvegar

Bøndene får levert mindre mjølk når Jarlsbergproduksjonen flyttast ut av landet neste år. Torsdag fekk fleire bønder og andre interesserte tips til korleis dei kan foredla overskotsmjølka sjølv gjennom ysting. Og ikkje mindre enn ein verdsmeister på ost kom for å dela nokre av løyndomane sine.