«Matberedskap i fellesskap»

Av
DEL

MEININGAR13. mars sette regjeringa i verk sine smitteverntiltak. I dagane som følgde fekk vi oss diverse påminningar: om dugnad og solidaritet, hamstring og tomme butikkhyller, og ikkje minst sjølvberging og beredskap.

Norges Bygdekvinnelag sentralt sende oss denne påminninga med oppmoding om å bruka lokalavisene for vidareformidling:

Matberedskap og fellesskap

«Det er på tide at vi tar norsk sjølvberging og beredskap på større alvor. Det har koronapandemien effektivt minna oss om. Ressursgrunnlaget for matproduksjon i Norge må nyttast fullt ut. Vi må skapa auka forståing for verdien av å produsera mat i eige land og formidla kunnskap om bruk av gode råvarer i matlaginga.

Beredskap er eit felles ansvar. Det er positivt at det er aukande interesse for å dyrka grønsaker i eigen hage, i kassar, parsellar og på balkongar. Fleire av oss vil ha stor nytte av å vita korleis vi set poteter og dyrkar gulrøter. Det å investera i kunnskap og dyrkingskompetanse for alle, er klokt og framtidsretta. Kunnskapen skapar forståing og respekt for dei som dyrkar maten vi et og gjer oss forbrukarar medvitne om korleis vi ønskjer at maten vår skal produserast.

Handboren kunnskap om lokale mattradisjonar og tillaging av mat, som Norges Bygdekvinelag arbeidar for å formidla til nye generasjonar, er ein sentral del av beredskap. Vi må ha kompetanse på korleis vi kan nyttiggjera oss av den maten vi dyrkar der vi bur. Kunnskap om konserveringsmetodar som sylting, safting og salting kan forlenga lagringstida for maten. Kunnskap om ville vekstar og mangfald av artar kan gje oss eit breiare utval av råvarer som vi kan nytta til ulike formål. Kunnskap om korleis vi kan bruka heile slaktedyret og nytta dei ressursane vi har på best mogeleg måte, kan gje meir berekraftig produksjon og ikkje minst beredskap i praksis.

Vi har ein jobb å gjera for å sørgja for at norsk landbruk er levedyktig. Ein god måte å sikra at vi har god matforsyning i krisetid, er å kjøpa norske produkt i normale tider. Då vil ein få fleire bønder og større produksjon. Vi som forbrukarar må støtta opp om små og store produsentar som lagar kortreist, trygg og sunn mat. Vi kan vera konsekvente på å velja produkt med «Nyt Norge»-merket. Vi kan kjøpa norsk frukt og grønt i sesong , og vi kan etterspørja fleire norske produkt i butikkane. Vi kan støtta opp om alternative handelskanalar og kjøpa lokale produkt på bondens marknad, gjennom REKO-ring og frå gardsutsal. Vi kan vera medvitne om kor viktig det er å ha eit jordbruk i Norge, og på at vi treng eit mangfald av produsentar for å ha høg grad av sjølvberging.

Vi bør redusera trongen for importert mat. Det burde ikkje vera naudsynt å kjøpa matvarer frå andre land dersom det er mogeleg å dyrka og laga desse her heime. Vi som samfunn treng eit felles løft for å auka produksjonen av det som det ligg godt til rette for å produsera i Norge.»

Bygdekvinnelaget sentralt kjem nok til å følgja opp med å påverka både om meir berekraftig jordbruk og beredskap. Lokalt prøver vi å ha desse tankane med i møta våre, i aktivitetar og på kurs. Vi hadde eit svært triveleg fermenteringskurs i februar. Då er det litt artig å nemna at det spesielle mjølet vi treng til surdeig, og som vart etterspurd på Spar i Rosendal på tirsdag, stod i hylla på fredag. Møtet om hagebruk og miljø som var planlagt i april, måtte diverre gå ut.

Om ikkje lenge skal vi leggja planar for hausthalvåret; då skal vi ha desse viktige spørsmåla i tankane.

Vi gler oss til vi har lagt denne spesielle tida bak oss, og som vi då kan snakka om i fortid. Tenk om vi kan seia: «Noko godt kom det ut av det.»

Esther Falk

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags