Den sprudlande 20-åringen gjennomførte og bestod fagprøven denne veka, med resultatet «bestått meget godt».

Med det kan ho no titulera seg bore- og vedlikehaldsoperatør.

– På plattform går vi berre under tittelen «roughneck», smiler Mathea.

Arbeidsoppgåvene til ein bore- og vedlikehaldsoperatør er fysisk tunge og krevjande.

– I tillegg til all fysisk jobbing ute på boredekk, får eg også høve til å køyra ulike maskinar, så det er veldig kjekt. Jobben er variert og spennande, og eg likar meg veldig godt!

Sosialt

Mathea visste tidleg at ho ville sikta seg inn mot oljenæringa. Pappa Tore jobbar i Odfjell Drilling, og var ei viktig inspirasjonskjelde.

– Først gjekk eg eitt år på TIP i Odda, så gjekk eg VG2 Brønnteknikk i Bergen. Då eg skulle søka meg læreplass, var det Odfjell Drilling eg ønskte meg aller helst til, sjølv om eg søkte fleire stadar, fortel Mathea.

Og som ho hadde drøymt om, fekk ho læreplass hos nettopp Odfjell Drilling. Nærare bestemt på plattformen «Heidrun» nordvest for Kristiansund.

I løpet av dei to læreåra har Mathea fått seg det som ho skildrar som ein «familie nummer to».

– Ein blir veldig godt kjent med kvarandre når ein jobbar tett på same plattform, så ein blir nesten som ein familie. Det er veldig sosialt og kjekt, fortel Mathea, som jobbar på eit «crew» med 18 menn.

Likar fysisk jobb

Det er nemleg ikkje så mange jenter som utdannar seg til bore- og vedlikehaldsoperatør.

– Kvifor er det så få av dykk, trur du?

– Det er ikkje godt å seia. Tradisjonar spelar nok inn. Det er kanskje ikkje så mange jenter som veit om dette yrket eingong. Kanskje nokon synest det er litt avskrekkande at det er ein fysisk tung jobb. Men den er ikkje tyngre enn at jenter kan meistra den like godt som gutar. Vi har jo hjelpemidlar til dei tyngste løfta, smiler ho, og legg til:

– Nettopp det at dette er ein fysisk jobb er det eg likar best med den. Eg hadde kjeda meg veldig om eg skulle sete på eit kontor heile dagen, trur eg.

– Kva seier «crewet» ditt om å ha fått ei jente blant seg?

– Eg trur dei synest det er kjekt, dei har i alle fall teke godt i mot meg. Og dei tar seg kanskje littegrann i saman når dei har ei jente i lag med seg på «crewet», ler ho.

Ho fortel at det nok kanskje var ein del av dei litt eldre oljearbeiderane som syntest det var litt merkeleg å få ei ung jente med på laget, men at det har gått seg veldig fint til, og at ho er blitt «ein av gutane».

To på og fire av

Enno veit ikkje Mathea om ho får fast jobb ved Odfjell Drilling no som læretida er over. Ho og dei andre ferske fagarbeidarane sit enno på pinebenken, men innan nokre veker no så veit ho det nok sikkert.

– Eg kryssar fingrane for fast jobb, det hadde vore strålande! Eg har fått høyra at det ser lyst ut, men eg må jo venta på endeleg stadfesting før eg kan sleppa jubelen laus, blunkar ho.

Arbeidstidsordningane og løna er heller ingen bakdel med denne jobben.

– Hos oss går vi to veker på og fire veker av. Det er veldig greitt! Men sjølv om gode arbeidstidsordningar og god løn er ein stor fordel med jobben, ville eg aldri gått denne vegen viss det ikkje var for at eg likte sjølve jobben. Det er jo det viktigaste, meiner ho.

Mathea trivst som roughneck, men med tida vil ho gjerna prøva å koma seg høgare i gradane, slik mange gjer. Ein startar gjerne som boredekksarbeidar, før ein blir tårnmann, assisterande borar, borar og til slutt boresjef.

– Eg har lyst på ein karriere i oljenæringa. Til hausten startar eg på fagskulen i boring, som då vil gå to veker i strekk i friperiodane.

Klesbutikk i frivekene

Det var dei som prøvde å rå Mathea til å velja ei anna næring enn oljenæringa.

– Nokre meinte at oljenæringa snart var historie, og at eg derfor gjorde dumt i å velja den. Men den er neppe historie før eg er pensjonist, så eg reknar med eg skal gå klar, seier ho.

I friperiodane reiser ho heim til Kvinnherad til kjærasten Martin, som ho nyleg har kjøpt hus saman med. Etter kvart ser paret for seg at dei skal ta over garden i Mauranger, som Mathea har odel på.

Den tøffe jenta har fleire jarn i elden, og ligg slett ikkje på latsida i friperiodane.

– Heilt sidan eg var 15 år har eg hatt ein ekstrajobb ved Cubus i Odda, og der jobbar eg framleis i friperiodane. Eg likar godt å jobba i klesbutikk, og synest det er litt spennande med desse kontrastane. I tillegg jobbar eg litt som lærarvikar ved Malmanger skule, og har studert litt pedagogikk og HR-leiing. Eg tenkjer det aldri er dumt å ha fleire bein å stå på, dessutan hadde eg kjeda meg ihel dersom eg berre skulle gått ledig i frivekene, blunkar ho.