Frå skulegut til leiar

I Matre ligg bedehuset noko skjult, eller eventuelt kan ein seia at det ligg godt integrert i landskapet, på nedsida av vegen.
Av
Publisert

Den bratte skråninga, kledd i fargerik vegetasjon for høvet, heile vegen ned mot fjorden, har i 87 år gjeve rom for indremisjonen i bygda.

Opphaveleg vart huset bygd som skulehus i 1926. Sidan indremisjonen i Matre hadde trong for ein møtestad, etter allereie 60 år i drift, fekk dei nytta seg av kjellaren i skulehuset. Ei av drivkreftene i huset er Ragnar Tveit. Han har både gått på skule og søndagsskule der, og er no leiar i styret.

– Eg gjekk på skule her måndag, onsdag og fredag. Og då eg var barn gjekk eg ned trappa her og inn i kjellaren, så her har det vore bedehusarbeid heilt ifrå gammalt av. Eg var ikkje gamle guten, fortel Tveit.

Han fortel vidare om ein dag han hadde vore på søndagsskulen, og søstera hans skulle passa på han. Han stakk heimanfrå, med søstera i hælane.

– Eg var komen i trappa her då ho tok meg igjen. «Eg måtte berre sjå han ein gong til», sa eg, fortel Ragnar smilande, og siktar til Gjert Sunde som var formann på den tida.

Ragnar Tveit er oldebarnet til den første leiaren i det som tidlegare gjekk under namnet Matresfjorden Indremisjonsforening, Rasmus Torson Haugen. Foreininga vart truleg stifta 1865, og har dermed nesten like lange røter som Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad som vart stifta i Uskedalen året før.

Saka held fram under bildet.

Korset på mønet er synleg over buskane når ein køyrer utover Ma-tersfjorden til Matre bedehus. Elles vert huset omringa av frodig vegeta-sjon og eit flott Kvinnherad-typisk landskap, med djup fjord og høge fjell.

Korset på mønet er synleg over buskane når ein køyrer utover Ma-tersfjorden til Matre bedehus. Elles vert huset omringa av frodig vegeta-sjon og eit flott Kvinnherad-typisk landskap, med djup fjord og høge fjell.

I Kvinnheringen sin serie om bedehusa i kommunen:

Bringedalsbygda

Holmedal

Høylandsbygd

Rosendal

Sunde

Åkra

Omvikdalen

Utsmykkingar

I storsalen i første høgda står ein flott talarstol som midtpunkt i rommet. Den vitnar om eit sirleg forseggjort arbeid, og møter forsamlinga med påskrifta «Lær meg Herre, din veg». Den er laga av Martin Matre og Hilmar Lyngnes. Biletmotivet var laga ved Kunsthandverksskulen på Voss.

Biletet bak talarstolen henta Ragnar sjølv, for å hindra at det vart skadd på vegen. Ein kunstnar frå Stavanger, Marie/Herdis, måla det religiøse motivet «Jesus går på vatnet. Rekkjer ut frelsarhanda til Peter.». Måleriet fekk bedehuset i gåve på 70-talet, og heile seansen med å henta biletet til bygda vart gjort med andakt.

Faste aktivitetar

I Matre har dei opplevd ei auke med unge folk som etablerer seg. Etter litt att og fram slår Ragnar og nestleiar, Magni Bjørnebøle Hegland, fast at det ikkje står tomme hus i bygda. Dei skisserer at om lag ein tredjedel av befolkinga i bygda er under tjue år. Med unge etablerarar kjem det også born, og søndagsskulen er eit fast innslag i huset. Den er det Magni som har ansvaret for, noko ho vil halda fram med så lenge helsa tillet det.

– Elles har me også den årlege julefesten med basar, då er det fullt her, fortel Hegland engasjert.

Ho er nestleiar i styret. Vidare fortel dei om bygdelaget som nyttar huset til adventsfrukost, og indremisjonen som skipar til samling og gudsteneste 1.juledag, i regi Ragnar.

Indremisjonen har halde til fleire stader i bygda, men etter dei to skulekrinsane i Matre vart slått saman på midten av 60-talet, og det vart bygd ny skule på Opstveit, kjøpte indremisjonen dette skulehuset og gjorde det til sitt eige. I november 1970 vart det endeleg innvigd, og fekk namnet Betel, som tydar Guds Hus.

Vedlikehald - eit evig prosjekt

At eit gammalt hus treng vedlikehald seier seg sjølv, men Magni og Ragnar legg ikkje skjul på at det har vore, og er, behov for store oppgraderingar. Dei har vøla tak, bytt vindauge, tilrettelagt for rullestolbrukarar, rive veggar og hatt mange dugnadstimar for å oppretthalda standarden. Framleis er det ønskje om vidare oppussing, mellom anna i den nemnde kjellaren, der dei skulle hatt nye vindauge, ordna taket og oppgradert kjøkenet. Dei understrekar at huset er der for bygda, og at utstyret også tilhøyrer felleskassa når det kjem til sambygdingane.

– Her er det mogleg å låna huset til selskap, og ein får også låna utstyret me har tilgjengeleg her heim. Folk her har lagt ned ein vanvittig dugnadsinnsats. Dette er det einaste huset me har igjen her, som er for bygda, og givargleda er stor, både til basarar og i form av frivillige gåver, smiler Magni og Ragnar (hovudbildet) takksame.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken