Reidar Tveit frå Matre var den som visste best kva året 2017 ville bringa med seg

Reidar Tveit i Ytre Matre slo til som beste spåmann i konkurransen «Spå 2017».

Reidar Tveit i Ytre Matre slo til som beste spåmann i konkurransen «Spå 2017». Foto:

Han gjekk heilt til topps i Kvinnheringen sin spørjekonkurranse for eit år sidan, «Spå 2017».

DEL

– Nei, seier du det? kommenterer vinnaren roleg når vi presenterer han for resultatet.

Tveit greidde å svara rett på 18 av 20 spørsmål, noko også ein annan lesar klarte. Dermed vart det loddtrekning mellom dei to beste, der Tveit trekte det lengste strået.

Gjer som Reidar: Prøv deg i Kvinnheringen sin spåkonkurranse for 2018!

Frå vi ringde han og til vi oppsøkte han heime i Ytre Matre for avlevering av 12 Flax-lodd eit par dagar seinare, hadde han tenkt seg om og kome fram til akkurat kva spørsmål han svarte feil på.

– Eg har resonnert meg fram til feilsvar på spørsmåla om publikumsrekord for Festidalen og elbil-avgift i Halsnøytunnelen, fortel han.

Og det stemmer på ein prikk. Elles trefte han blink på alle spørsmåla. Vi spør han om han følgjer godt med i lokalavisene, eller om dette var rein flaks. Då tek kona ordet frå han.

– Han les både Grenda og Kvinnheringen svært så nøye. Og ikkje berre det, han hugsar forsyne meg kva han har lese i lang tid!

Vinnaren sjølv må innrømma at han nok er over middels interessert i lokalnytt, og at det truleg var medverkande til at han klarte så mange rette svar.

– Har du sendt inn svar på «Spå 2018»?

– Ikkje enno, men eg har jo nokre dagar til på meg, seier han blidt.

Han tek etter Flax-lodda, blunkar og seier:

– Det kan bli fleire overraskingar i dag!

Fasit «Spå 2017»

1. Blir Nav-brakkene på Husnes fjerna i løpet av året? NEI

2. Flyttar kommunen inn i Aksen? NEI

3. Blir det endeleg vedtak om nytt ferjestø for Kvinnherad-ferja på Stord? NEI

4. Får Kvinnherad ny rådmann? NEI

5. Blir skular slått saman? NEI

6. Sluttar Dill AS av drifta? NEI

7. Kvinnheringen sitt godkjente opplagstal er i dag 3.941. Går talet opp? JA

8. Set Festidalen ny publikumsrekord? NEI

9. Reiser det seg nye næringsbygg, eventuelt kombinert med bustader, i Rosendal? JA

10. Blir det byggestart på ny idrettshall på Husnes? NEI

11. Blir det byggestart på rundkøyringa ved Hellands-krysset? JA

12. Får Husnes hotell igjen? NEI

13. Vil Sindre Omvik ta medalje i NM i friidrett? NEI

14. Kjem Tina Abdulla på det norske landslaget i handball? NEI

15. Rykkjer herrefotballaget i Rosendal opp igjen til 5. divisjon? NEI

16. Tar Brann medalje i eliteserien i 2017? NEI

17. Kjem ein statsråd på offisielt besøk til Kvinnherad? JA

18. Blir det tropenetter i juli? NEI

19. Blir det innført betaling for elbilar i Halsnøytunnelen? NEI

20. Vedtek Hydro Husnes dato for full eller delvis oppstart av B-hallen? JA

Artikkeltags