Gå til sidens hovedinnhold

Vurderer hotell i Matre

Artikkelen er over 5 år gammel

– Eg er inne på tanken om å laga til ei slags overnatting, kanskje eit lite hotell, i skulebygget. Det er jo ein del fisketuristar i Matre, seier Buczak til Kvinnheringen.

Etter at Dariusz Buczak  for to år sidan kjøpte Matre skule frå Kvinnherad kommune, har det ikkje skjedd noko med skulen. Den står der akkurat som den gjorde då den vart kjøpt. Skulen vart seld for 410.000 kroner.

Buczak, som er frå Polen, er busett i Skien. Han fortel at han har vore travelt oppteken i jobben sin der dei siste åra, men at han no er utan arbeid, og difor ønskjer å sjå litt meir på kva han kan gjera med Matre skule.

– Eg planlegg å ta ein tur til Matre snarast for å vurdera kva eg skal gjera med skulen. Eg er inne på tanken om å laga til ei slags overnatting, kanskje eit lite hotell. Det er jo ein del fisketuristar i Matre, seier Buczak til Kvinnheringen.

Han vil elles ikkje seia noko om kva tid dette kan bli aktuelt.

Les også:

Selt for 410.000 kroner

Bygdelaget har ingen rettar

Kommentarer til denne saken