Måtte stenga frisørsalongen tre dagar etter nyopninga: – Vi forstår avgjersla. Liv og helse kjem først

Måndag denne veka opna frisørane Merethe Normann og Camilla Rein Eide salongen sin Studio M på Halsnøy i nye lokale på senteret. Det var stor stas, og mange var innom for å sjå den nye salongen.