Gabrielle inviterte til Gabbytv sitt karaokeshow, og ville gjerne ha med seg nokon til å synga fyrste låten ho gav ut. Om dei berre gjetta kva den heitte.

Den som først vart plukka ut ombestemte seg, og etter eit sekunds nøling kasta Maud Celia Tveitnes Førland seg ut i songoppgåva.

– Eg likar å vere ein spontan person, så eg tenkte meg ikkje så lenge om og satsa på at det kunne gå greitt, fortel ho på telefon med Kvinnhering ut på søndagen.

Då var stemma kome nokolunde på plass, berre litt hås røyst var att etter gårsdagens opptreden.

– Eg rakk ikkje å vera skikkeleg nervøs eingong, endå det var sjukt masse folk. Eg kjente meg trygg på scena i lag med Gabrielle. Og så var det berre så kjekt! seier ho blidt på telefonen.

Maud Celia var på Festidalen heile helga og er svært nøgd med begge dagane.

– Vi har vore i lag heile jentegjengen og det har vore skikkeleg kjekt. Akkurat når eg drista meg til karaoke med Gabrielle var berre eit par av oss framme, men gøy å få vera med på dette, avsluttar ho.