«At det uhyre viktige andremandatet vårt vart vunne med så lite, er jo ein sensasjon i seg sjølv»

MDG-gjengen. (Arkivfoto).

MDG-gjengen. (Arkivfoto).

Av
DEL

MEININGARVi i Miljøpartiet Dei Grøne Kvinnherad vil gjerne takka deg som gav stemma di til oss på valdagen! Du skal vita at vi er oppriktig glade i deg!

At det uhyre viktige andre mandatet vårt vart vunne med så lite som 1/7 stemme overvekt, er jo ein sensasjon i seg sjølv. Det kjem sikkert til å bli omtala og omdiskutert i mange år framover.

MDG er det einaste partiet som er stifta med hovudføremålet å leggja om systemet, slik at det blir nok ressursar og levelege vilkår for dei som kjem etter oss. Er det ikkje då fantastisk å tenkja på at du valde å støtta opp om dette føremålet?

Og at dersom ikkje nett du hadde gitt di eine stemme til oss, så hadde vi ikkje fått dette svært viktige andremandatet? For oss er du den viktigaste personen på jord nett no.

Kvardagen er over oss att, og nye fire år med lokalpolitikk ligg framfor oss. Både dei som lever i dag, og barneborna våre, har dei beste talsmenn i Jostein Saghaug og Matthias Zimmermann, som no trer inn i kommunestyret, med Eli Hårklau som første vara.

Og i deg, som valde å stemma dei inn. Følg gjerne med oss vidare framover på nettsida vår. Neste gong skal vi bli endå større.

Tusen takk!

Valkampgruppa i MDG Kvinnherad

Jostein, Matthias, Eli, Svein, Knut, Arne

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags