Fredag for halvanna veke sidan kunne ein lesa i Kvinnheringen om då ordførarkandidatane Peder Sjo Slettebø (H) og Johnny Håvik (Ap) fekk treffa Eirik André Aksnes (28), som er ein av dei sjukaste ME-pasientane i landet. Aksnes og familien hadde då venta på eit vedtak om hjelp frå kommunen sidan tidleg i juni, då familien valde å flytta han heim til Uskedalen frå ein sjukeheim i Stavanger. Eirik formidla til ordførarkandidatane at det høgaste ønsket hans var å få BPA, som tydar brukarstyrt personleg assistent. Dette fordi han uroa seg veldig for at mora Anne Kari Rørheim og broren Sindre Aksnes (20) skulle slita seg heilt ut i pleiarrollene dei no har på heiltid. I helga som var fekk familien Aksnes/Rørheim brev frå kommunen om kva vedtak dei har fatta.

– Der stod det at Eirik er innvilga 96 timar BPA i veka, altså fire døgn. I tillegg er eg og Sindre innvilga 18 timar kvar i veka med omsorgsløn. Det er nesten så eg ikkje kan tru det, seier ei lukkeleg Anne Kari Rørheim til Kvinnheringen.

Ho seier heile familien er svært letta over at kommunen har vald å høyra på deira bønn om hjelp.

– Det er klart det er litt skræmande at ein må gå så hardt ut som vi har gjort for å få eit fornuftig vedtak, og eg tenkjer på alle desse som ikkje er i stand til å ta denne kampen. Når det er sagt, er eg utruleg takksam for at kommunen har valt å høyra på oss no, og eg ser fram til at eg og Sindre no skal få kvila oss litt mellom øktene framover.

Rørheim legg til at også Eirik sjølv reagerte med overrasking og glede over at dei var blitt høyrde på.

Pengar til ME-forsking

Då dei ni ordførarkandidatane i Kvinnherad laga ei utgåve av Kvinnheringen for eit par veker sidan, fekk dei som takk for innsatsen donera ein sum til eit veldedig føremål. Johnny Håvik (Ap) føreslo etter besøket hjå Eirik Aksnes at pengane blir donert til ME-forsking, noko alle ordførarkandidatane sa seg samde i. Dermed går 7.500 kroner til å forska vidare på ME.