Den starta 25. mai i år, og er ein aksjon for likeverdig behandling av ME-pasientar. Markeringar går føre seg i USA, Canada, Storbritannia og Australia, i tillegg til Norge. 

– ME-pasientar, pårørande, pasientaktivistar og alle andre med interesse for ME-saka vil stå saman for å protestera mot manglande stønad til forsking, utdanning og pleie. Mange ME-pasientar i dag mottar liten eller inga hjelp, og i alt for mange tilfelle – feil hjelp, står det å lesa på Facebook-sida til aksjonen. Demonstrasjonen vil gå føre seg i Bergen sentrum, etterfølgd av framsyning av dansekunstnar og koreograf Kristine Nilsen Oma, som er ME-sjuk. ME-pasientar og pårørande er blitt oppmoda om å senda sko til Bergen, som symbol på dei mange som ikkje sjølv kan vera der på grunn av sjukdomen. Skoa skal bli stilte ut i sentrum denne dagen.