«Slik redaksjonell satsing står det stor respekt av»

Av
DEL

MEININGARDet er interessant å følgja avisene, spesielt dei lokale, si satsing i ein ny marknad – med levande bilete og lyd på internett. Det er nesten som ein medierevolusjon å rekna, og minner mykje om det som skjedde på 1980-talet, då NRK-monopolet blei oppheva og mange aviser søkte om konsesjon for drift av nærradio og lokal-TV via kabel. Også Kvinnheringen blei etter kvart med på dette nybrotsarbeidet og investerte i studio og utstyr i Husnes samfunnshus. Programma kom på lufta gjennom Radio Sunnhordland på Stord.

Tjue år seinare, i 2004, vart det gjort forsøk på å få i gang lokale TV-sendingar gjennom eit samarbeid mellom det kommunale selskapet Kvinnherad Breiband og nettstaden Innsida.no, men forsøket fall i fisk – av fleire grunnar. Blant anna var økonomien i prosjektet svært usikker etter investeringar på over ein halv million kroner (utstyr og personell).

No er det ei ny tid, med ny teknologi og langt lågare produksjonskostnader enn tidlegare. Samanlikna med investeringane då TV-planane var aktuelle, kan avisene i dag levera lyd og bilete på direkten for ein brøkdel av kostnadene den gong. Det har ført til at små og store mediebedrifter over heile landet går nye vegar. Kvinnheringen har halde på ei tid, medan Grenda sende direkte for første gang under kommunevalet.

For lokalavisene i Kvinnherad er det heilt naturleg å gå nye vegar i kampen om abonnentar og annonsekroner. Dessutan har NRK Hordaland ikkje ressursar til å følgja opp alle kommunane i fylket, medan Bergens Tidende og Haugesunds Avis for lengst har lagt ned lokalkontora sine, og ikkje lenger er definerte som regionsaviser for vårt område. Dei konsentrerer seg no stort sett om byane der dei kjem ut, og bryr seg svært lite om distrikta.

Eit anna faktum er at dei unge har lagt seg til nye medievanar, med lyd og bilete på nett og telefon heile tida. Det er ei utvikling ikkje minst Landslaget for lokalaviser har merka seg, og difor oppmuntrar dei òg medlemene sine til å følgja den digitale utviklinga. Dei store aviskonserna gjer det same. Men som gammal mediamann håpar eg ikkje at vi med dette er på veg inn i ei tid utan papiraviser!

Grenda og Kvinnheringen skal uansett ha ros for den nye satsinga si, og for innsatsen dei la ned under kommunevalet. Slik redaksjonell satsing står det stor respekt av! Rett nok er det litt å retta på her og der, både lydmessig og journalistisk når kulepenn og notisblokk blir erstatta med videokamera og mikrofon. Men øving gjer meister, veit vi, så alt blir nok betre med tida. I det store og heile leverte begge avisene folkelege og greie sendingar for oss som såg på. Einaste problemet eg hadde, var at eg så gjerne ville sjå på begge samtidig. Kanskje dei skulle følgd TV Haugaland og Haugesunds Avis sitt eksempel og gått saman om felles sending på valkvelden?

Eg har fått opplyst at totalt noko over 4000 unike brukarar følgde avisene sine live-sendingar frå rådhuset valkvelden. Det vil eg karakterisera som bortimot ein lokal medierevolusjon. Tala må i alle fall vera til stor inspirasjon, først og fremst for dei som stod for produksjonen både redaksjonelt og teknisk, men òg for leiinga i bedriftene når dei skal sjå inn i glaskula. Rett nok var sendingane gratis tilgjengeleg hjå begge avisene under valet, og det forklarer det høge brukartalet. Tala ville nok vore ein god del lågare viss ikkje-abonnentar ikkje hadde fått gratis tilgang. Men ulike betalingsløysingar må brukarane av slike tenester berre førebu seg på, for mediebedriftene kan ikkje levera lyd og bilete på nettet gratis i framtida. Her ligg nok mykje av utfordringane i åra som kjem, men òg moglegheitene for vekst i abonnement- og annonseinntektene.

Vel blåst, og lukke til vidare – på papir og nett!

Kristian Hus


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags