– Det blir nok mange inntrykk

Til Tanzania: Kontrastane til vesle, trygge Omvikdalen blir nok mange når vernepleiarstudent Kari Flatebø sett kursen for Dar-es-Salaam og Muhimbili National Hospital. Her med nokre av strikkekleda ho skal ha med seg til nasjonalsjukehuset og babyane der. (Foto: Mona Grønningen).

Til Tanzania: Kontrastane til vesle, trygge Omvikdalen blir nok mange når vernepleiarstudent Kari Flatebø sett kursen for Dar-es-Salaam og Muhimbili National Hospital. Her med nokre av strikkekleda ho skal ha med seg til nasjonalsjukehuset og babyane der. (Foto: Mona Grønningen).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Vernepleiarstudent Kari Flatebø (21) frå Omvikdalen skal dei neste tre månadane vera i jobb ved Muhimbili National Hosptial i Dar-es-Salaam, Tanzania.

DEL

Flatebø er i gang med sitt siste år på vernepleie ved Høgskulen i Bergen. 25. september reiser ho og to medstudentar til den afrikanske storbyen Dar-es-Salaam, der dei skal jobba med sjølve nasjonalsjukehuset.

– Då vi skulle søkja praksisplass, kunne vi føra opp fleire alternativ. Men ingen av oss kom på at vi skulle søkja her. Vi vart difor nokså overraska då vi fekk melding om at vi hadde fått praksisplass ved Muhimbili National Hospital, fortel ho.

Dei tre skal jobba ved sosialavdelinga ved sjukehuset. Der skal dei hjelpa og rettleia dei som har falle litt utanfor systemet, mellom anna ved å opplysa om kva rettar dei har i høve til sjukehjelp og slike ting.

– Eg reknar med at det blir eit gjevande arbeid som eg kan læra mykje av. Det blir nok ein del sterke inntrykk, for kontrastane er store i denne byen. Vi har fått førespegla at det å leiga ei ok leilegheit i Dar-es-Salaam er like dyrt som å leiga i Bergen. Samstundes veit vi at det er mykje fattigdom og store slummar, forklarer Flatebø.

Ho har ikkje vore i Afrika tidlegare, men vonar og trur ho skal kjenna seg trygg i den store, framande byen.

– Eg gler meg til å bli kjent med ein heilt ny kultur, til å møta menneske i heilt andre livssituasjonar enn det vi er vane med her heime. Eg trur eg kjem til å veksa ein del på opplevingane sjølv, og trur det blir nyttig å kjenna på kroppen den store kontrasten til kor godt vi har det her heime, seier den komande vernepleiaren, som alt har fått fast jobb i Bergen når ho er ferdig utdanna neste år.

Flatebø fortel at Muhimbili National Hospital har rundt 1000 pasientar innom kvar dag, og at sjølv om standarden er nokså god, så er det endå mykje å gå på.

– Dei manglar ein del hygieneutstyr til å hjelpa seg med, til dømes. Difor ønskjer vi å samla inn pengar i forkant, slik at vi kan bidra med ein del av dette når vi kjem. I tillegg ønskjer vi å handla inn litt leiker og utstyr til barna, for mange barn er innom dette sjukehuset, og då tenkjer vi dei treng litt trøyst og oppmuntring.

Flatebø og studievenninnene oppmodar folk som ønskjer å bidra litt, og elles å følgja med på opphaldet deira, til å følgja Facebook-sida «Til Tanzania for bedre folkehelse».

Artikkeltags