Meiner Kvinnherad Energi har god grunn til å kjempa om aksjar i breibandselskapet

Til formannskapet neste torsdag innstiller kommunedirektøren på at kommunen meiner Kvinnherad Energi AS har gode argument for å hevda forkjøpsrett til Fjelberg Kraftlag sine aksjar i Kvinnherad Breiband. Men konklusjonen som kjem fram i utgreiinga kraftlaget sjølv har bestilt, er at forkjøpsretten ikkje gjeld ved fusjon.