Sunnhordland kraftlag har søkt om å få byggja eit elvekraftverk i Hellandselva. Dei er villige til å investera opp mot 100.000.000 kroner i dette verket. Til no har dei brukt – i mine augo – svære summar til eit seriøst forarbeid der dei har vurdert alle sider ved dette tiltaket – også drikkevatn.

SKL er vel kjent utbyggjar i Kvinnherad, er den nest største skattytaren på eigedomsskatt med opp mot 20.000.000 kroner årleg i skatt til kommunen. Like eins yter dei  tenester m.a. til ski-anlegget i Fjellhaugen og er vel også i samtale med kommune om store summar til ny idrettshall på Husnes. Inntektene frå kraftverka, SKL og Statkraft, står for over 80.000.000 kroner på kommunebudsjettet.

Eigedomsskatten frå kraftverka utgjer 90 prosent av all eigedomsskatt i Kvinnherad. Utan desse inntektene hadde kvardagen i Kvinnherad sett ganske annleis ut for mange.

Dette selskapet er det sakshandsamar Karin Thauland etter - utan å ha gått inn i ein samvitsfull utarbeidd søknad frå ein stor samfunnsytar i Kvinnherad - avviser med fyljande setning; « Etter ei totalvurdering går ein imot utbygging.»

Etter mi oppfatning er dette utanfor all folkeskikk og respekt for SKL. Eg vil tru at SKL naturleg nok vil oppfatta dette som «ei uvenleg handling» frå Kvinnherad si side.

Eg hadde ei kort rolle Kvinnherad-politikken for ein mannsalder sidan og opplevde aldri noko liknande som denne avvisinga.

Om elva

Ved konsesjon er ein pålagd å sjå heile elvestrengen i heilskap. Ved utløpet ved Opsanger har der vore regulering i minst 500 år. Halsnøy Kloster hadde møllebruk her. Her var òg sagbruk og seinare kraftstasjon. Denne var vel hovudårsaka til at vi fekk Bjellandsfabrikken og Gravdal skipsbyggeri på Sunde.

I andre enden, ved Svartavatnet, er der enno ei stemme frå 1500-talet. Dette vatnet er no regulert ca. 7 m ved hevert for å skaffa drikkevatn til ytre Kvinnherad. Kvinnherad kommune har søkt om og fått løyve frå NVE i august d.å. til å bora borehol  for å auka drikkevassmengda og regulera vatnet ned 22 m.

Hellandselva er ei typisk flaumelv. Vassmengda kan variera kollosalt.  Lav-vassføring i tørkeperiodar nede ved vassinntaket var før utbygging av Søral målt til 17 l/s.

Store delar av elva var før – i tørkeperiodar – ganske tørrlagd før hevertane vart laga i 1968.

Dei bilda ein ser på Facebook, skuldast i stor grad hevertane ved Svartavatnet. M.a. o. det er ikkje naturtilstanden i elva ein ser og fotograferer , dei er skapte av regulering og er kunstige. SKL vil ha 200 l/s som minstevassføring her. Altså langt over naturtilstanden i elva.

Vidare gav kommunen Madalen mikrokraftverk løyve til å byggja kraftverk på kote 290 for 15 år sidan med minstevassføring 100 l/s .

På kote 100 har kommunen og Hydro Husnes ekspropriert rett til å ta ut 60 l/s drikkevatn og 400 l/s industrivatn. Minstevassføring skal her vera 20 l/s. Denne elva er altså regulert frå ende til annan. Skal ein verna noko, meiner eg det må vera elvar som er utan inngrep frå fjell til fjøre.

Kvinnherad turlag

Turlaget har også andre begrep om pengar enn kva ein 71-åring har. At SKL skulle investera opp mot 100.000.000 kroner utan forteneste, går over mi fatteevne. Ved å lesa Facebook-sida til Turlaget kan ein få det inntrykk at SKL er ein halvkriminell organisasjon.

Kvinnherad sitt utbytte av verket skal, ifølgje deira pengebegrep, vera bagatellmessige.

Ser ein også på kommunen sitt budsjett med nedlegging av alderdomsplasser og snart 1.700.000.000 kroner i gjeld, vert det endå meir underleg. Skal ein spara, lyt ein spara frå loket og ikkje frå botnen, har eg lært . Like eins er der eit ordtak frå dei gamle romerane som seier: Skal ein laga omelett, lyt ein knusa egg.

Turlaget har oppretta ei open protestliste – utan bustadadresse og alder. Der er der no 485 underskrifter. Dei fleste kvinnheringar, men òg folk frå dei utrulegaste plassar. Det er min påstand at mange av desse aldri før har høyrt om Bremstølen, langt mindre vore der og utan den minste kunnskap om elva. Protestlista viser synet til underskrivarane – og ingen andre. Dei resterande 12.700 kvinnheringane er ikkje der.

Så får ein heller vurdera verdien av synet av ein rennande, regulert og kunstig foss – til gunst for sunne og friske turgåarar – mot livsstoda for gamle og skrøpelege slitarar og utslitne familiemedlemmer.

Med vennleg helsing
Ølver Johs. Hjelmeland