«Delar av dette burde vore øyremerka til investeringar for å tilret-teleggja for framtidige grøne arbeidsplassar»

Av
DEL

MEININGARDei siste åra har samfunnsutvikling med jamne mellomrom vore drøfta i Kvinnherad kommunestyre. Samfunnsutvikling er meir enn vegar, kommunikasjonar, bustadbygging og folketalsutvikling. Det er idear utvikla og gjennomført for å skapa verdiar i framtida; idear som ikkje ser bakover, men framover i eit grønt perspektiv.

Novemberutgåva av Aftenposten sitt «Innsikt» har ein interessant artikkel om akvaponi frå eit anlegg i Norrland, Sverige. Her har 81-årige Pecka Nygård utvikla ideen om bruk av næringssalt frå settefiskanlegg til dyrking av tomater. Kort fortalt er resultatet slik «Innsikt» skriv: 1 kg tørrfôr til regnbogeaure gjev 1,2 kg fisk og 10 kg tomater. Dette skjer ved at vatnet fisken lever i vert pumpa inn til tomatplantene som tek opp næringsstoffa frå fiskeskiten. Samstundes vert vatnet reinsa når det renn gjennom tomat-beda og attende til fiskedammen via resirkulerandesystem (RAS). Prinsippet er kjent frå fleire tusen år attende.

Akvaponi er ein kretsløpsmetode der ressursar vert nytta på fleire måtar. I dag veit vi at oppdrettsindustrien har eit utslepp på over 600.000 tonn næringssalt rett i fjord og hav. Det er eit enormt sløseri som også er øydeleggjande for natur og miljø og som kunne vore nytta til produksjon av algar og planter som igjen kunne vore utvikla til fiskefôr.

Ein av verdas mest innflytingsrike økonomar Mariana Mazzucato dokumenterer at det er offentlege investeringar som driv fram innovasjon. I Kvinnherad har Havbruksfondet velsigna kommunen med 46 millionar kroner. Delar av dette burde vore øyremerka til investeringar for å tilretteleggja for framtidige grøne arbeidsplassar basert på eit kretsløp av pengar og ressursar. Planane om biogassanlegg og hydrogenproduksjon og det velfungerande semi-lukka, flytande oppdrettsanlegget i Etne, peikar i denne retning. Det vil vera eit langt steg framover om Kvinnherad kommunestyret forstod dei samanhengane Noreg tidlegare har bygd på og som Mazzucato påpeikar. Difor er det naudsynt å oppretta eit investeringsfond framfor å setja nye pengar i spekulative verdipapir i Kraftfondet. Det siste skaper neppe ei positiv samfunnsutvikling i Kvinnherad.

Svein Opdal

MDG Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags