Den juridiske sida av kraftlagsaka

Av
DEL

MEININGAR:

Eg syner til lesarinnlegg. Det skulle ikkje vera nødvendig på nytt å bruka ord som «kriminelt» i samband med planane i Fjelberg Kraftlag. «Kvinnheringen» har alt beklaga at dei tok dette ordet inn i debatten. Me har alle eit ansvar for å halda ordbruken på eit fornuftig nivå.

Den juridiske sida avklarte Seniorrådgjevar Øystein Sellevoll i Stiftelsestilsynet kort og lakonisk i eit intervju med NRK nyleg:

«Dersom det i ein søknad blir gitt misvisande eller tilbakehalde informasjon, så vil det ha tyding for vår vurdering av søknaden og eventuelt ansvar for dei involverte».

Det er ingenting lovstridig i den signerte avtalen og vedlegga som medlemmene fekk tilgang til førre veke. Medlemmene i Fjelberg Kraftlag vil under ingen omstende gjera noko lovstridig om dei røystar for dette framlegget frå styret.

Men: Lovstridig vert prosessen den dagen styret sender ein søknad til Stiftelsestilsynet der ein presenterer ålmennyttige føremål og vedtekter for det nye aksjeselskapet. Då er søknaden misvisande, og det på det mest sentrale punktet. Når hensikta er å løysa opp selskapet når ein har fått pengar inn på konto, vert det svært misvisande om ein framstiller seg som eit ålmennyttig aksjeselskap som skal arbeida til beste for lokalsamfunnet, slik t.d. Skånevik Ølen Kraftlag AS gjer, sjå sok.no.

Lovstridig vert det òg dersom ein unnlét å opplysa om at hensikta er å løysa opp selskapet og dela ut formuen blant aksjonærane. Slik t.d. Kvinnherad kommune alt så kraftig har signalisert med si forskottering av 30 millionar i budsjettet for 2019. Då er det tilbakehalden informasjon.

Kva uttrykket «ansvar for dei involverte» her vil medføra er vanskeleg å seia. Sidan det er første gong i norsk historie at nokon prøver å dela ut ein formue av denne storleiken frå eit samvirkelag innan kraftsektoren, vert det truleg ny juridisk praksis. Bøter er det mest sannsynlege. Under alle omstende er NOK 310 mill. svært mykje pengar!

Personleg ville eg ha gjort meg stor flid med å sikra at ein søknad til Stiftelsestilsynet i alle måtar var ærleg, korrekt og fullstendig før eg sette namnet mitt under.

Vert søknaden frå styret ryddig på dei to punkta overfor, har styreleiar, styremedlemmer og rådgjevarar sitt på det tørre. Vert han godkjent av Stiftelsestilsynet, er det berre å setja seg ned og venta på pengane. Eller kanskje det likevel ikkje vert så enkelt?

NRK sitt intervju med Stiftelsestilsynet ligg tilgjengeleg på nettsida fkvener.com saman med anna materiell, for dei som vil setja seg inn i saka.

Per Ove Kviteberg

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags