«Det er no eller aldri!»

Av
DEL

MEININGAROver heile landet er det no opparbeida ein sterk motstand mot vindkraft. Ifylgje Klassekampen er det heile 66 av 68 kommunar i «Samla plan» som er i mot, så Kvinnherad er berre ein i rekka. Som medlem av fleire Facebook-grupper ser me at det blir mobilisert for å få folk til å skriva høyringsvar til olje – og energidepartementet innan fristen 1. oktober.

Fleire og fleire oppdagar at dette ikkje er noko grønt skifte, men berre øydelegging av norsk natur og fjell for å ta utbytte. På grunn av dei såkalla «grøne sertifikata» som går ut ved årsskiftet 2021/22, jobbar no utbyggingsselskap på høg-gir for å få bygd ut alt gitte konsesjonar før desse går ut, eller blir stogga. Det blir fortalt at ikkje tek dei sommarferie, og ikkje helde dei sundagen fredeleg. På øya Frøya har folk demostrert, protestert og vore ute i teltleirar sidan i tidlig i vår. No går det mot haust og vinter. Fleire av oss vil nok melda oss – både til teltleirar og «lenkegjengar», men då er slaget tapt. Det ser me på Frøya. Difor, gode folk: Skriv høyring til Olje – og energidepartementet på denne e-postadressa: postmottak@oed.dep.no. Det er no eller aldri!

Annemor Ekeland

«Nei til vindmøller i Kvinnherad»


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags