– Eg har ei syster, eg har ein bror

Av
DEL

MEININGAR:Har du høyrt om korleis svarte kattar over vegen liksom som skal bringa ulukke? Likeleis at kattar har ni liv? Kva med svartkledde menneske, som ikkje har ni liv å ta av?

Det går ikkje berre mot mørketid. Det er mørketid.

Slik vi kler oss, er vi ikkje berre til fare for oss sjølve, men også til fare for desse monstera på to, fire eller fleire hjul, for ikkje å snakka om det levande individet som manøvrerer fartyet.... I mørkret blir vi desto meir usynleg. Det er ikkje synsing. Det er fakta!

Vil du vera usynleg når det smell?

Då eg gjekk på vidaregåande var mi vetlesyster og min beste ven ei av dei uheldige. Vetlesyster mi blei overkøyrd i eit overgangsfelt. Nett den dagen var det veldig mørkt, på alle moglege måtar. Livet stoppa liksom litt opp, men heldigvis lev syster mi den dag i dag. I beste velgåande. Og life goes on! Men det var ikkje sjølvsagt! Kanskje var det faktum at det hende i eit overgangsfelt utslagsgjevande, i forstand av at sjåfør hadde slakka på gassen i forkant? Syster mi nytta refleks, men kan henda var ikkje denne synleg nok, god nok?

I ettertid av denne uheldige hendinga, har eg endra totalt syn på refleksvest som konsept. Før var det så viktig korleis eg tok meg ut. Refleksvesten var ikkje nett eit vakkert plagg, og difor så himla lett å droppa. Men! Viss ein ser på den livsviktige funksjonen den har, vil eg hevda den pr. i dag er noko av det vakraste ein kan ikle seg. Så legg igjen ytre-fokuset pjatt heime, og ta på deg det vakraste i livet! Det er ikkje vakkert å bli overkøyrt vel?!

Sidan vi ikkje er innehavar av ni liv, skulle det vera nokså kjipt og totalt unaudsynt å frårøva verda heile to liv også. To liv for mykje; ditt eige og sjåføren sitt...

Sagt at du ikkje gløymer vesten ved eit uhell, synest eg det er ansvarslaust å legga refleksen igjen heime. Eg synest det er ansvarslaust å ikkje eiga ein. Eg synest det er ansvarslaust å senda det kjæraste du eig, ut døra i svartaste natta, utan noko så enkelt, men likevel så livreddande. Eg synest det er ansvarslaust overfor menneska bak rattet, som ikkje vinn over bremselengda, og som kan koma til å måtta leva med resultatet resten av sitt liv...

Kall meg gjerne moralpoliti. Eg drit katten i det. Men eg drit ikkje i livet, fordi det er det viktigaste vi har!

PS: Det er ikkje så dumt å bruka sykkelhjelm heller...

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags