Ein pendlars klage

– Eg håpar ved lokalvalet til neste år at partia er klare på kva planar dei har om samferdsla i kommunen, dette vil definitivt vere noko som kjem til å styre mi røyst denne gongen, skriv lesarbrevskribenten. (Arkivfoto).

– Eg håpar ved lokalvalet til neste år at partia er klare på kva planar dei har om samferdsla i kommunen, dette vil definitivt vere noko som kjem til å styre mi røyst denne gongen, skriv lesarbrevskribenten. (Arkivfoto).

Av
DEL

MEININGAR:
I over tre år har underteikna pendla over 200 dagar i året til jobben på Bømlo. Dette har gått veldig greitt så lenge eg har køyrd med elektrisitet som drivstoff. Men alle gode ting tar slutt, noko som og el-bil-godene måtte. Men det er ikkje det som er grunnen til at eg no tek til tastaturet for å ytre min misnøye. Nei, her handlar det om urettvise og logisk tenking.


Bompengar og rettferd

Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke at ein i Kvinnherad skal byrje å betale pengar for å reise til og frå kommunen. Kommunestyret har vedteke at ein òg skal byrje å ta betalt ved bomstasjonane for elektriske køyretøy. Pengane ein samlar inn skal nyttast til å betre eit vegnett som ikkje har hatt så alt for mange oppgraderingar i mitt over førtiårige liv. Eg har ingenting i mot å betale for å nytte nye og gode vegar. Ein el-bileigar nyttar vegane like mykje som bensinbilar, og bør derfor betale sin del av «kaka». Sjølv om eg er glad for at eg slepp unna med å betale halvparten, for min eigen privatøkonomi si skuld (ja, miljøet er diverre ikkje på topp i mi grunngjeving for å køyre elektrisk, sjølv om det burde vore det).

Det eg ikkje skjønar er: Kvifor skal ikkje alle som nyttar ut- og inngangane til kommunen betala? Det skal visst nok ikkje væra bompengar på vegen som går gjennom Folgefonntunnelen. Er det rettvist? Om eg hadde jobba i Odda kommune, så hadde eg sloppe heilt å bidra for å nytte meg av dei nye vegane som kjem til å komme i kommunen (sjølv om eg då hadde fått nytte mykje meir av det lokale vegnettet)? Kvifor blir spørsmålet om betaling til Odda stilt av Stord kommune, og ikkje nokon av dei som har vært med på å vedta dette? Eg har ikkje høyrt andre argument til at dei ikkje skal betale inn til Odda, enn at dei har betalt ned tunellen og dermed har betalt nok bompengar. Dette argumentet held ikkje når dette ikkje handlar om betaling av allereie utbygde vegar, men om å utbetra gammaldagse og underdimensjonerte vegar over heile kommunen. Og vegen inn mot Folgefonntunnelen. Om det gjeld at folk frå Odda og Jondal òg bruker Folgefonntunnelen for å kome seg mellom kommunane, så kan ein kanskje setje bomstasjonen før Austrepollen. Men det er fleire som nyttar andre vegar i kommunen til gjennomfart, som må betale bompengar.


Ferje frå Sunde

Eg er veldig glad i Halsnøy og synest namnet «Perlo» er passande for denne øya, men min kjærleik for vegane på øya har blitt sett på prøve etter å ha pendla der dei siste åra. Vegen til Ranavik er ikkje dimensjonert for tungtransporten som køyrer den vegen, og når ein i tillegg har ein veldig aktiv traktorbruk på Halsnøy, har eg opplevd mange trafikkfarlege situasjonar på veg til og frå arbeid. Ofte er det bilar som hastar til ferja, og det er fleire plasser der ein må være godt kjend på vegen for å kunne passere andre køyretøy (noko ikkje alle er).

Når ein no skal byrje å ta inn bompengar frå ferja til Stord, byr det seg ein moglegheit til å flytte avgangen frå Ranavik til Sunde. Fleirtalet av trafikantane som nyttar seg av ferja ynskjer seg at ferja går frå Sunde. Dette kom fram av ei spørjeundersøking i Kvinnheringen tidlegare i år. Så i staden for å vente med å ta bompengar på ferja frå 2023, kan ein byrja å ta bompengar frå ferja som går frå Sunde i 2020. Bompengane som ein krev frå ferja på Sunde, kan då gå direkte til å betale for Halsnøytunnelen til den er nedbetalt. Ordføraren skreiv i eit brev for litt sidan, som svar til Gretha Rød, at dei hadde prøvd å endra på dette for nokre år sidan, men at Stortinget ikkje gjekk med på endring. Dersom det er eit stort lokalt fleirtal for ei løysing, og denne viser seg å vere den beste med mest inntening, kan det ikkje då tenkjast at politikarane på Stortinget og i Fylkeskommunen er villige til å gå med på ei slik endring? Eg vil tru det, om det blir lagt fram til øvrigheita på ein god måte.


Avslutningsvis

Dette lesarbrevet er eit resultat av tre års oppbygd frustrasjon over ulike ting som irriterer meg på min køyretur til Bømlo. Eg må seie at det er ei overvekt av frustrasjonar på denne sida av fjorden, men eg kunne òg skrive nokre brev om gamle ferjer, ferjestø på Stord, flotte draumar om tørrskodd kryssing til Stord og folk som køyrer for sakte på dei flotte nye vegane på Bømlo. Men det er desse tinga som eg synest det er viktig å gjere noko med no. Om ikkje noko blir gjort sit eg i 2023 i ein elektrisk bil, på ei elektrisk ferje og betalar bompengar på ein veg til Ranavik, som visst nok ikkje er mogleg å gjere betre. Eg håpar ved lokalvalet til neste år at partia er klare på kva planar dei har om samferdsla i kommunen, dette vil definitivt vere noko som kjem til å styre mi røyst denne gongen. For meg er det ikkje viktig at eg får dei beste løysingane for meg, men at kommunen får ein heilskapleg samferdslepolitikk som gagnar fleirtalet i vår langstrakte kommune.


Stian Sithole Olderkjær

Pendlar

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags