Frykt, uvisse og desinformasjon

Av
DEL

MEININGARI IT-bransjen har vi uttrykket FUD, som står for frykt, uvisse og desinformasjon – som marknadsføringsknep. Det er også ofte brukt i politikken. Det har faktisk vore ein grei og ryddig valkamp lokalt, trass ein litt stygg start frå Høgre som vi ignorerte og feia under teppet. Men på slutten går det litt i ball for høgresida – forståeleg, sidan dei er på defensiven.

Først er det Ove under debatten på senteret onsdag. Sarkasmen hans mot meg er vanlegvis så blaut og malplassert at eg berre trekkjer på smilebanda og svarar humoristisk eller overser. Men blankt ljug likar eg ikkje. Han sa at eg i LO-debatten «fortalde at SF skal auka eigedomsskatten». Det sa eg ikkje. Eg sa vi kunne gjera den progressiv: Enkelt sagt (så kanskje også Ove forstår) så kan vi gjera det slik at store privateigedomar får auka skatt, mindre hus og hytter får redusert skatt, og det samla skattetrykket vert uendra. Dette er ikkje vanskeleg. Eg har rekna på eigedomsskattelista med botnfrådrag 250.000 og skattesats auka frå 2 til 2,8 promille. Meir enn 2.000 mindre eigedomar får fjerna skatten heilt, medan 4.000 vanlege eigedomar får redusert skatten litt. Ca. 3.500 får skatteauke. All næring får ei lita skattelette. Ove Lemicka sin skatt på Sundsvegen 136 aukar med 192,-. Eg trur han skal stå i det. Eg forklarar meir om forslaget på SF si Facebook-side.

Når Ove Lemicka hevdar eg sa SF skulle auka eigedomsskatten, så gjer han seg skuldig i klassisk FUD.

Høgre har også vore ute med sin eigen FUD. No tett før valet dala det ned eit flygeblad i postkassa mi med feitt, glinsande valflesk. Det var taktisk lurt: Påverka tvilarane i siste indre. Eg tykkjer det er problematisk på tre måtar: Dei tek æra for mange saker som det har vore konsensus om, som Lundssvingane, Kvinnheradpakken elles, Rosendalstunet. Dette har alle vore saman om. Enkelte ting starta i førre periode under Ap-ordførar. Dinest lokkar ein med ein del luftslott, men det er greitt nok – valflesk er valflesk. Det mest problematiske er at det berre er valflesk som gjeld i indre luten. Og det står på arket at det er «Valkampark 2019 for Mauranger-Omvikdalen».

Blant det feitaste flesket er idrettshall i Rosendal og «Utvikla Rosendal som kommunesenter». Ikkje eit pip om tiltak lengre ute enn huset mitt. Som om eg heime i Omvikdalen ikkje bryr meg om heile kommunen.

Dette er eit interessant signal frå partiet som påstår at bygdestridane er døde. At dei jobbar for heile kommunen. Eg lurer på kva som står på flygeblada dei pushar i ytre luten? Dette er splittande, det sender heilt feil signal mot den møysommelege kampen mot Kvinnherad-bygdedyret og for at alle skal sjå seg som éin kommune.

Dersom eg kjem inn på nytt, kan ein stola på at eg vil vera like klar i talen og like allergisk mot «bullshit» og FUD som alltid. Eg vil helst få med endå fleire av dei dyktige damene på toppen av SF-lista, då kan vi få gjort endå meir. 4. kandidaten Una Kolle, gründer, øko-agronom og Festidalen-sjef, hadde styrka laget ekstra.

Sist val hadde vi i SF ein annonse som sa: «Med Hege og Gaute får du ein røynd politikar og ein raud rabulist i ei unik pakkeløysing.» Eg tykkjer vi har levert på dette, og tilbodet er fornya.

Røyst SF! For mindre forskjellar, for klima og miljø.


Gaute Lund

Sosialistisk Fellesliste

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags