Fryktkultur blant kommunetilsette

Av
DEL

MEININGAR

I Kvinnheringen fredag 08.02.2019 var det ein artikkel der Møyfrid Kristoffersen vart intervjua om vanskar med å vere varslar – og tilsvar frå fungerande rådmann Torstein Aartun.

Kommuneleiinga er ein pyramide – med mange leiarledd – og ein Rådmann kan ikkje ta på seg å friskmelde heile organisasjonen. Etter over 30 år «på golvet» har eg erfart at det nok finst ein del «fryktkultur» blant kommunetilsette.

At ein berre har éi varslarsak som Rådmannen påpeiker, seier svært lite om korleis stoda er i organisasjonen. Det er ei kjent sak at det generelt ikkje gir noka god erfaring å varsla. Det kan få følgjer. Varslarombodet i Kvinnherad er nokså anonym i landskapet. Eg har aldri sett eit oppslag om kven det er eller kva mandat vedkommande har.

Rådmannen uttrykker heilt korrekt at me som personale ifølgje grunnlova har full rett til å uttrykke oss offentleg, så sant teieplikta ikkje blir broten. Så legg han til dette med å gå tenesteveg. Noko tilsette alltid er blitt møtte med. Altså er ein like klok eller usikker.

Møyfrid Kristoffersen er genuint oppteken av dei ho er tilsett for å yte hjelp til, at det kommunale systemet fungerer bra og at tilsette får det dei har rett på. Kvifor blir ho tatt for å ytre seg om feil og manglar, i staden for å ta tak i det ho faktisk påpeiker? Det bør aldri bli eit problem for kommunen at einskilde engasjerer seg for å gjere forholda betre. Tvert imot er det jo ein stor ressurs!

Kommunen har nettopp hatt ei trivselsundersøking. For arbeidsplassen min sin del fekk personalet god score for indre motivasjon og vilje til å vere snille og ønske det beste for andre. Det er nok drivkrafta for helsepersonalet generelt i kommunen, og då bør ein også bli handsama med respekt og velvilje!

Margit Eriksen


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags