Kraftlagsdebatten – etterord

AVGJORDE: 525 personar fann vegen til Halsnøy samfunnshus torsdag førre veke. Medlemane skulle stemma over om Fjelberg Kraftlag skulle gjerast om frå eit samvirke til eit aksjeselskap, og svarte med eit rungande ja. Heile 90 prosent støtta styret, berre 84 stemte nei, og Per Ove Kviteberg og venelaget hans måtte sjå seg slegne. (Foto: Jonn Karl Sætre).

AVGJORDE: 525 personar fann vegen til Halsnøy samfunnshus torsdag førre veke. Medlemane skulle stemma over om Fjelberg Kraftlag skulle gjerast om frå eit samvirke til eit aksjeselskap, og svarte med eit rungande ja. Heile 90 prosent støtta styret, berre 84 stemte nei, og Per Ove Kviteberg og venelaget hans måtte sjå seg slegne. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Av
DEL

MEININGAR:

Det er mange ting å gle seg over etter at debatten om vegen vidare for Fjelberg kraftlag no i fyrste omgang er over.

For det fyrste skal vi vera veldig glade for at det vart eit så stort fleirtal for det eine alternativet. Med eit overveldande stort frammøte på generalforsamlinga og 90 % tilslutnad til styret si tilråding, er det ingen tvil om at vi står saman om å omdanna selskapet til eit AS for å gå inn i eit større fordelingslag.

For det andre kan vi gle oss over at styret har forhandla fram ein avtale med Haugaland Kraft som synest å vera svært god. Det ligg no til rette for at nye Fjelberg Kraft AS kan halda fram med å henta ut gode utbytte som eigar i Haugaland Kraft i staden for som eigar i Sunnhordland Kraftlag. Ifølgje statsautorisert revisor Halvor Grov, kunne FK AS til og med rekna med høgare utbytte med 3-4 % av aksjane i HK, i tillegg til at vi får mykje billegare nettleige, tar vare på arbeidsplassar og tryggleik for sikker straumforsyning. Til overmål er vi også førespegla at basen på Halsnøy vil få fleire oppgåver som lokasjon for Haugaland Kraft sin aktivitet i heile Kvinnherad.

Vi skal også gle oss over at Per Ove Kviteberg saman med andre modig gjekk inn i debatten og la fram motførestillingar som definitivt var med og opplyste saka og realitetsorienterte medlemmane om at me ikkje kan rekna med at eit omdanna samvirkelag kan fordela alle midlar til framtidige aksjonærar, men at allmennyttige tiltak etter lova både skal og bør prioriterast i betydeleg grad, og vi skal vera glade for at det er Stiftelsestilsynet som gjennom vilkår for omdanning skal setja rammene for dette, slik at vi «arvingar» har ein god og nøytral oppmann å halda oss til.

Til slutt er eg også glad for at det historisk gode samarbeidet mellom Sunnhordland og Haugalandet held fram på energiområdet. Det var kommunane og nydanna kraftlag i Sunnhordland som saman grunnla produksjonsselskapet SKL i 1947, men kommunane og kraftlaga på Haugalandet kom med alt i 1951 og alle har bidrege til det SKL er i dag. At dette gode samarbeidet om produksjon av kraft no held fram med distribusjon i eit felles nettselskap, når tida for dei små fordelingslaga er over, kjennest både rett og naturleg.

Ettersom saka modnast vart eg tryggare og tryggare på at det var rett å gi tillit til styret si linje. Dei fortener anerkjenning for godt utført arbeid. Eg vil også utrykka eit ønskje om at Per Ove med vener vil delta vidare i prosessen og ikkje melda seg ut, sjølv om dei tapte med bravur i denne runden. De har langt fleire vener enn dei 84 som stemte nei på det ekstraordinære årsmøtet.


Arne Hauge

Halsnøy Kloster, 11.12.2018

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags