«Kvinnherad Energi – for siste(?) gong»

Av
DEL

MEININGAR

Per Ove Kviteberg svarar Geir Dolonen-Marthinussen. Eg vil kommentera nokre ting. Per Ove argumenterer mot stråmenn. Geir meiner openbert at fellesskapet her i kommunen gjev frå seg vårt eigarskap til nettet. Det er openbert rett. Vi gjev frå oss eigarskap og kontroll, mot å få ein liten finansiell eigarpost i eit stort konsern. Geir påstod ikkje at dette i seg sjølv er privatisering, han sa det var ein del av høgresida sitt generelle driv mot privatisering. Det meiner eg han har rett i, sjølv om BKK/Haugaland Kraft er offentleg eigde.

Nok ein gong kjem nettleiga. Den bedrifta eg putlar i, brukar ca. 160 MVh straum i året på Husnes-kontoret. Her er 12 arbeidsplassar og straumkrevjande serverar. Vi kjem til å spara ca. 2.300 ifølgje utrekninga til kommunedirektøren. I året. Det er latterleg lite. Nettleiga kan ha LITT betydning for heilt spesielle bedrifter der eit enormt straumforbruk er ein dominerande innsatsfaktor. Eg kjenner berre til éi slik, og ho har vore i avisa. Skal litt usikker innsparing for gartneriet i Rosendal vera avgjerande? Sjølv for mekanisk, maritim og annan mellomstor industri, som brukar mykje straum, har det lite tyding. Berre spør dei sjølv, i staden for å gjenta og gjenta desse tomme påstandane om kor mykje dette skulle bety for næringslivet. Eg har spurt mange der – ingen kjenner seg att i dette.

Per Ove påstår fellesskapet vil få «meir pengar». Det er ein bløff. Det er i beste fall usikkert. Saksutgreiinga viser at i seinare år har stipulert utbyte vi ville fått frå Haugaland Kraft/BKK vore om lag det same som utbytet KEAS-nettet har gitt. Framtida er usikker, det seier også saksutgreiinga. I tillegg tek ikkje saksutgreiinga høgde for at kommunen må absorbera 80–90 mill. i gjeld frå Kvinnherad Energi. Vi må gje ei stor medgift. Framtidige rentekostnader er ganske lette å anslå, og dei er ikkje trekt ifrå når mogleg avkastning vert samanlikna. Det fortonar seg som uærleg. 1–2 mill. burde vore trekt ifrå. I tillegg blir t.d. BKK presentert med kva utbyte dei ville hatt dersom BKK hadde betalt det dei har som politikk (70 prosent). Men det har dei ikkje siste fem år. Kvinnherad Energi har også betalt mindre enn dei «skal». Men KEAS blir presentert med reelt betalte utbytesummar – BKK med kva dei har sagt dei helst skal betala, men ikkje har innfridd.

Det er altså klare døme på feil og mangelfulle framstillingar, som tener til å «pynta brura». Men vi ser gjennom den klønete sminka, anten dette er gjort medvite eller som resultat av slett handverk.

«Samarbeid mot Hardanger» er ifølgje Per Ove at «den blinde skal hjelpa den halte». Merkeleg. Patrick Nabel, ein svært kunnskapsrik konsulent, forklarte i rapport og for kommunestyret at dette var eit svært godt alternativ med betydeleg moglegheit for både å tena meir pengar og redusera nettleiga. Per Ove meiner han veit betre, utan nærare grunngjeving.

Det er altså ein del bom og bløff i grunngjevingane. Vi er ueinige, men eg har ikkje så vanskeleg for å forstå motparten. Det kjem til slutt an på om ein vil det skal vera sentralisering og store einingar, eller lokalt eigarskap. Dette har vore hovudmotsetnaden heile vegen.

Eg ser med kamplyst fram mot onsdagen. Det er for gale viss ein skal klara å få eit knapt fleirtal til å pressa dette igjennom, stikk i strid med den openberre folkeviljen, og stikk i strid med vedtektene, intensjonen bak vedtektene, og praksis i forvalting av selskapet med krav til 2/3 fleirtal. Og i strid med det Høgre sa i starten av prosessen om at dette kunne berre gjennomførast med eit solid fleirtal bak seg.

Eg trur vi i opposisjonen har ei veldig god sak. Om det skulle gå gale på onsdag, vonar eg valet vil visa det.


Gaute Lund,

Sosialistisk Fellesliste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags