«Lovfesta rett til arbeid – for alle»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad Vekstbedrift AS: «Varig tilrettelagde arbeidsplassar» (VTA) og «Arbeidsførebuande trening» (AFT).

– Arbeidstakarane får trygd eller arbeidsavklaringspengar frå Nav.

– Kvinnherad Vekstbedrift AS får statlege midlar for å legga til rette arbeid for den enkelte.

Næringslivet i Kvinnherad er skeptiske til drift i direkte konkurranse med andre i bransjen. Nokre meiner dette er konkurransevriding, og stiller seg undrande til at styret i Kvinnherad Vekstbedrift og kommuneadministrasjonen kan godkjenna slikt.

Eit nytt, klassedelt Noreg

Solidaritet har vært eit av dei ideologiske grunnfundamenta i den norske og nordiske velferdsmodellen. I løpet av dei siste hundre åra har Noreg utvikla seg frå å vera eit av Europa sine fattigaste land, til å bli kåra av FN som det beste land i verda å bu i.

Utover 1980 åra starta ei politisk styrt utvikling med stadige kutt i rettar og ytingar for dei mest vanskelegstilte, som resulterte i ny fattigdom og stadig større forskjell.

Dei siste 15 åra har majoriteten av befolkninga opplevd historia sin største velstandsvekst, medan dei mest vanskelegstilte gruppene har sakka akterut.

Majoriteten av befolkninga består av ein stor velståande middelklasse. Saman med dei rike brukar dei si fleirtalsmakt og forsyner seg grovt frå velstandsfatet.

Norge har blitt eit kaldt samfunn der majoriteten av innbyggjarane karrar til seg flest mogeleg av goda framfor å dele med fattige. Norge er på nytt blitt eit klassesamfunn.

Stadig flere får problem med å tilfredstilla arbeidslivet sine krav til deltaking i arbeidslivet, og det er i dag mange som går over i ufør status, eller på andre ordninger som plasserer dei utanfor arbeidslivet.

All honnør til Kvinnherad Vekstbedrift som utviklar og engasjerer mange i eit meiningsfylt arbeid.

Næringslivet i kommunen bør gå i seg sjølve, i staden for å målbera ein skepsis til Tor Vidar og hans medarbeidarar som gjer ein framifrå innsats for dei nedst på rangstien.

Næringslivet i kommunen kan gjennom sine organisasjonar i større grad komma dei i møte, dei som ikkje heilt når opp til krava ein i dag stiller til arbeidstakarar.

Ein burde jobba for å lovfesta retten til arbeid – for alle.

Steinar Nilsen

Husnes 27.09.2019


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags