Norsk mat for alltid

Av
DEL

MEININGAR:Tenk deg ei framtid utan norsk mat.

Tenk deg ei framtid der ein tur igjennom Noreg, kjennest som ein skogstunell – med eitt og anna falleferdig hus innimellom. Er det ei framtid du ynskjer? Eg ynskjer ikkje det. Eg ynskjer heller ikkje at dei etter meg skal oppleve det. Det har allereie begynt. I fleire tiår har det vorte færre og færre bønder og dei minste teigane av matjorda gror raskt igjen. Me treng den norske matproduksjonen. I eit globalt klimaperspektiv med ei aukande verdsbefolkning, så treng me kvar ein åkerlapp det kan dyrkast mat på. Enten det gir energi direkte til oss i form av planter, eller det veks gras og gir oss energi via eit firemaga dyr. Sistnemnde er noko for øvrig mesteparten av jorda i landet vårt er best eigna til. Å ta vare på å halde i bruk matjorda vår er òg vår forsikring for framtida. Du forsikrar jo huset ditt i håp om at det aldri brenn ned.

Me har allereie for lite matjord i dag. Tre prosent av Noregs landoverflate kan nyttast til matproduksjon. Og den byggjer me ned. Biletet mange har av landet vårt, med ope kulturlandskap og beitande friske dyr, øydelegg me også, om me fortsett slik.

Me har den reinaste maten. Som i seg sjølv burde vere grunn nok til å ta betre vare på jorda og dei som driv den. Me brukar minst antibiotika og minst plantevernmidlar. Tenk på helsa til dine barn og barnebarn. Skal dei døy av øyrebetennelse eller eit kutt i fingeren for at me rotar det til no? Eg ynskjer ikkje det.

Du tenker kanskje at me berre kan importere det me treng. Og jo, me kan jo det no. Men er det smart, er det solidarisk, er det rett å importere mat me har grunnlag for å produsere her sjølv? Å ta maten ut av hendene på andre som kanskje treng den?

For framtida så treng me norsk matproduksjon. Me kan følast som eit lite og ubetydeleg land i den store samanhengen, på det globale nivået. Me kan aldri redde verden med våre tiltak uansett, me er for få og for små. Men, med ei aukande verdsbefolkning, klimakriser og andre utfordringar me kjenner og enda ikkje kjenner, så ser eg på det som vår plikt å gjere det me kan, og å produsere mat på best mogeleg måte, på kvar ein plass det kan produserast mat.

Ta vare på matjorda. Og ikkje minst ta vare på dei som tar vare på matjorda for deg, og gir deg og familien din trygg mat på bordet. For no og for framtida.

Marianne Nordhus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags