«Ny» veg – gammalt namn

Av
DEL

MEININGAR:Opsangervegen er rusta opp for mange millionar kroner, og framstår i dag som ei flott miljøgate i regionsenteret Husnes. Ein av grunnane til at det var nødvendig å ta dette økonomiske løftet no, var knytt til det gamle leidningsnettet langs vegen med stadige lekkasjar, spesielt i skøytane. Dei eldste røyrene hadde lege der i over 50 år.

Då vegopprustinga kom i gang, kom også ideen om å finna eit nytt namn på ein del av den nye vegen, samt parken og delar av uteområda ved kulturskulen og kulturhuset, totalt ca. 40 dekar, medrekna 500 meter ny veg. Ordføraren bad innbyggjarane engasjera seg, og etter kvart fekk kommunen inn over 180 forslag til namn. 30 av forslaga hadde sitt utspring i kjende personar, som på ulikt vis kan knytast til Husnes i gammal og ny tid. Formannskapet har no samla seg om eitt namn; «Jonas Lie-parken», og har sendt namneforslaget ut på offentleg høyring.

Kvifor formannskapet har landa på Jonas Lie og ikkje på nokon av dei meir lokale namna, kjem ikkje klart fram av innstillinga. Men i rådmannen si saksutgreiing kan vi lesa at den kjende diktaren «…i unge år hadde bustad på Husnes, der far hans tente som sorenskrivar. Også i vaksen alder hadde han sterke band til området, og fridde til si Thomasine på Rundeholmen i Opsangervatnet. Lie er frå før heidra med ei støtte i parken, og mange av dei innkomne namneforslaga trekkjer fram nettopp han. Delar av dette området vert frå før kalla Husnesparken», skriv rådmannen.

Eldre husnesingar eg har snakka med seier at det er heilt uforståeleg at kommunen vil framheva Jonas Lie endå meir. Det er jo allereie reist ei støtte til minne om diktaren, og det får vera nok, seier fleire av dei som kjenner historia godt. Lie kan ikkje knytast til Husnes på same måte som alle dei andre namna som har vore nemnde i debatten om nytt vegnamn. Rett nok besøkte unge Jonas foreldra sine på Husnes i feriane medan han studerte i Bergen, men nokon husnesing i ordets rette tyding, var han absolutt ikkje, og han budde aldri fast her, er eg blitt fortalt.

Det er vanskeleg å sjå nokon plausibel grunn for å tukla med godt innarbeidde namn, korkje her eller andre stader. Difor oppmodar eg formannskapet om ikkje å gjera endringar. Dei to namna vi brukar i dag vil framleis bli brukte i mange tiår framover, same om det blir vedteke noko nytt eller ikkje. Dessutan er det mest naturleg at heile vegen langs Opsangervatnet får namn etter kor han ligg, og at parken i regionsenteret også offisielt får namnet Husnesparken, der minnestøtta over Jonas Lie i dag står. Utan å snakka ned den kjende diktaren på noko vis, treng vi ikkje gjera meir stas på han enn på mange av dei andre meir lokale personane, som har medverka til Husnes sin framgang og vokster. Fleire av dei hadde tvillaust fortent ei minnestøtte eller eit vegnamn oppkalla etter seg.

Opsangervegen og Husnesparken er gode og naturlege namn. Det er ikkje Jonas Lie-parken!

Kristian Hus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags