Små og store skular

Av
DEL

MEININGAR:Ein del politikarar og skulefolk set likskapsteikn mellom store skular og god kvalitet. Nokre gonger er dette basert på eigen skulegang og eigne barn sin skulegang. Det blir liksom ingen tvil om at pedagogikk, trivsel og faglege resultat er betre på større skular enn på dei mindre.

Dette er sjølvsagt ikkje rett! Eg har lang fartstid i skuleverket, og eg har til gode å finna brei forsking som støttar dette synet. I praksisen min gjennom 33 år har eg sett svært gode store skular, og svært dårlege store skular. Likeins med dei små! Faktisk er nokre av dei beste skulane eg kjenner til, rimeleg små.

Å få ein skule til å fungera handlar nesten alltid om å få alle partar i skulesamfunnet til å dra i lag. Det gjeld elevane, foreldra og dei tilsette. Dette er sjølvsagt mogleg på skular av ulik storleik, både i Kvinnherad og i landet elles.

No er det dessverre slik at elevtalet er på veg nedover i vår flotte kommune, ein kommune der me bør vera stolte av dei skulane me har. Rammene frå staten dekker etter kvart ikkje drifta til vår skulestruktur. Og kanskje må ein halda fram å slå saman nokre skular (då eg byrja i Kvinnherad i 1992, var det 26 skular!) Og det er ei ærleg sak for politikarane å prøva å få pengane til å strekka til!

Men ikkje bland kvalitet inn i den debatten. Små, mellomstore og store skular kan alle nå framifrå kvalitet.

Bjørn Rune Bergane


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags