«Kortreist miljø-ferjekai»

Av
DEL

MEININGAR

Til ordførarane i Stord og Kvinnherad: Eg ser de har brukt mange år på å finne ei løysing som ein kan gå inn for, særleg i høve til natur og miljø. Her kjem eit forslag som de bør vurdere seriøst. Mitt forslag er som fylgjande:

• Bygg trefeltsveg frå Rommetveitvegen og ned til sjøen ved Ladberget. Lengde vert om lag 180 meter.

• Bygg gang- og sykkelveg i skogen ned til sjøen, 180 meter, litt i frå den nye vegen. (Ta vare på bekken ned mot sjøen). Tilrettelegg område.

• Bygg ein 30 meter lang «tømmerkai» i strandkanten (sjå kart.)

• Prosjekter og bygg ein flytande ferjekai, med plass for oppstilling, parkering, av- og påstiging på buss/taxi, venterom, toalett og teknisk rom og med ferjelem mot sør og nord.

• Landgang og kai får eige fortau for mjuke trafikantar.

• Støy og vêr-skjerming langs heile sørsida av kaien og landgangen, laga av impregnert treverk (2,2 meter høg, med vindauge og støy-skjerming mot to naboar i sør.)

• La all skogen stå som ikkje må fjernast for opparbeide vegen.

• Korttidsparkering på nordsida på kaien, også for nokre bubilar.

• Lag innkøyring forbode til venstre på Rommetveitvegen . All bil-trafikk må opp på E39, dette for å få minst mogleg trafikk over Rommetveit og Haga.

• Lysregulert kryss for køyring til høgre inn på Rommetveitvegen (når fleire enn tre bilar køyrer over landgangen, får trafikken grønt lys inn på Rommetveitvegen) for å unngå stopp og støy frå køen opp frå kaien.

• Vind og straumretning ved kaien vert sendt kontinuerleg til ferjene, slik at ein legg til frå nord eller sør alt etter kva som er som er best.

• Flytekaien kan flyttast til Tysnes (Skorpo) når brua over Langenuen er klar og vegen ut på Skorpo er utbetra.

• Området og stranda sør om landgangen må oppgraderast med stiar, bord, benker, grillar og badestrand for dei yngste. Legg ut to bølgjebrytarar for å skjerme område mot vind og bølgjer.


Dette er kortreist: Alt kan gjerast av og med arbeidsfolk frå Sunnhordland. Samarbeid er nøkkelen. Er det noko att av dugnadsånda?

For å få til eit rimeleg og miljøvennleg prosjekt føreslår underteikna at ordførarane på Stord og Kvinnherad set seg på same sida av bordet, saman med representantar frå Hordaland Fylke og Statens vegvesen, og inviterer representantar frå alle aktuelle «fag» til ei «dugnads-tenking» – kven kan gjere kva av følgjande:

– Reguleringsplan

– Prosjektering veg og område på land

– Prosjektering betong-kai

– Design flyte-kai

– Prosjektering stål/aluminiumskai, -oppdrift og liknande

– Prosjektering fortøying

– Elektro/solseller for sjølvforsynt elektrisk anlegg

– Ferjelem-hydraulikk

– Landgang (lengde, stigning og innfesting)

– Toalett og venterom (ferdig modul laga på Stord Vidaregåande skule)

– Fortøying (her har fiskeoppdrettsverksemdene stor kompetanse)

– Dykking.

– Utrusting kai

– Oppmerking kai og veg

– Beplantning mot naboar

– Sjekke ut ang. prosjektmidlar frå staten for eit slikt «lokal-prosjekt»

– Er det mogeleg med avgrensa utlysing av anboda til å gjelde berre verksemder frå Sunnhordland? Me har då all kompetansen lokalt rundt oss!

Ver kreative, ikkje grådige, og samarbeid gjerne! Ver med på dugnaden til beste for fellesskapet!


Lars Gjøsæter

Bømlo

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags