Forslag til dei med el-bil

Av
DEL

MEININGAR:Ikkje mange utanfor Europa veit noko om Noreg. Ikkje så rart kanskje, kva veit me om eit stort land som Ukraina med 44 mill. innbyggarar og som er dobbelt så stort som Noreg, eller Bolivia, med dobbelt så mange folk og tre gonger så stort som vårt land.

Når dei ein sjeldan gong får eit lite glimt av oss er det når Fredsprisen vert delt ut. I år hadde dei for ein gongs skuld treft veldig rett, sjølv om nokon meinte at det ikkje var heilt etter Nobel stt testamente om å skapa fred. Å sitja å sjå Nadia Murad og Denis Mukwege ta imot prisen var ei sterk oppleving, og særleg Mukwege sin tale. Eg kan ikkje mange franske ord, men går ut frå at den norske tekstinga var korrekt. Her var det knallhard direkte tale til oss: «Når de ser på smykka dykkar, snakkar i mobiltelefonen eller køyrer i el-bilen, så tenk litt på korleis metallet til desse produkta vert utvunne». Opp mot åtti prosent av kobolten til batteria i bilen kjem frå Kongo, og er utgrave av nærast slavar under forferdelege forhold – born og omkomne i massevis. Sjølvsagt har dei styrande i landet hovudansvaret, men me som kjøper dette billeg er òg ansvarlege. I smykke og telefonar går det lite av metall, bilen tar det meste.

Eg kjenner ein del som køyrer el-bil, og ikkje ein einaste eg har snakka med ofrar miljøet ein tanke. Men det er så billeg, og dei forstår ikkje at me andre er så korka dumme som køyrer diesel.

Har desse eit snev av moral og miljøtankar, så har eg eit forslag: Alle med el-bil skal betala dobbel avgift på all kjøp og bruk av bilen, og den eine halvdelen skal gå til å påverka dei styrande og gruveindustrien til å driva ut og betala metalla på ein skikkeleg måte. Her må Venstre og MDG gå først i kampen. Korleis skal ein få alle dei milliardane fram til rett adresse? Det mest effektive vil nok vera at Jan Egeland tar seg av å fordela pengane, han har veldig mykje erfaring frå eit utal u-land og kan ta nokre turar i månaden nedover med pengane i koffert og betala dei rette personane. Det er nok sikraste måten å gå fram på, å betala dei direkte for å ordna opp, for banksystemet er upåliteleg. Slik som eit u-land fungerer er det kanskje det som verkar best – pengane rett i lomma, men i rette lomma sjølvsagt.

Johs. Bondhus

Artikkeltags