Billettar og bøtelegging

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


Den siste veka har Kvinnheringen skrive ei rekkje saker om Skyss og bøtlegging av passasjerar på snøggbåtane til og frå Kvinnherad. Det som eigentleg rystar oss mest er svara som Skyss kjem med i desse sakene. Det er no eit system som definitivt ikkje fungerer, men Skyss tek på ingen måte sjølvkritikk for noko av det som skjer. Dei står berre fast på at folk må betala for seg.

Vi har full forståing for at alle skal betala på båtane, og dei aller aller fleste er ærlege folk som betalar. Nokre vil sjølvsagt utnytta systemet, og unngå å betala, men det er eit fåtal. Slik vi opplever det som skjer no, ser det ut for at Skyss meiner det motsette: At folk i utgangspunktet ikkje er ærlege.

Dei tilsette om bord i båtane har det travelt og hektisk, og har med åra fått fleire og fleire oppgåver, og det vil dermed frå tur til tur variera kor fort ein får opna billettluka. Det er ikkje slik at den automatisk er open i dét ein kjem om bord. Det varierer òg kor mange passasjerar som er med båtane, av og til kan køane vera veldig lange, og andre gonger går det raskt. Når det er lang kø er det mange som naturleg nok ventar ei stund med å stilla seg i kø til køen nesten er vekke. Det er òg sånn at båtane går på sjøen, og stundom er det litt ruskete, slik at det ikkje er spesielt hyggjeleg å stå i kø i lang tid medan bølgjene slår. Kva med dei som er dårlege til beins, og ikkje har god helse?

LEIAR:LES OGSÅ:  Skyss: Nå må dere ta distriktet på største alvor! 

Vi kan ikkje forstå kvifor ikkje Skyss no kan seia: «Unnskyld, kommunikasjonen her har vore dårleg, og det ser ut for at systemet ikkje fungerer slik det skal. No må vi sjå på heile systemet, og kva vi kan gjera for at det fungerer betre».

I det store og det heile har Skyss eit stort forbetringspotensiale med billettrutinar på sjø og på land. Det er for eksempel ikkje mogleg å kjøpa billett på førehand til båten, det kunne det nok raskt vore gjort noko med.

I sakene om alle som er bøtelagde dei siste veke, er vårt råd til Skyss følgjande: La alle dei som har klaga få medhald i klagen. Kom så tilbake med eit system der alle forstår korleis rutinane er og skal vera. Når det er gjort kan ein gå i gang igjen og kontrollera og sjekka om folk betalar for seg.

Det kan ikkje halda fram slik det er no.

Artikkeltags