«Eit hjelpelaust forsøk på å driva lokalpolitikk»

Av
DEL

MEININGARNyss kunne me lesa om «amper stemning», då administrasjonen hadde invitert til «lukka lag» på Alderspensjonatet i Ølve. Føremålet var å marknadsføra kok/kjøl mat frå Husnes og nedlegging av produksjonskjøkkenet. Hit hadde ein invitert berre dei pårørande til dagens bebuarar!

Likevel møtte 30 ølvesbuar opp uinvitert, og spolerte hyggjestunda som det var lagt opp til, skal ein tru referatet i «Grenda». Det er mest som ein gnir seg i augo når ein les om eit så hjelpelaust forsøk på å praktisera lokalpolitikk. Vi er trass alt i 2019, ikkje 1919. Då gjorde ein det sikkert slik, når ein ville få gjennomført noko over hovudet på folk. Modig gjort av dei som forstod teikninga, stilte opp og sa si hjartans meining om nedleggingsplanane.

Ros og oppmuntring bør også gå til Eldrerådet, som no ber kommunen om å setja ut i livet politiske vedtak gjort i førre perioden: Planleggja for produksjonskjøkken på alle institusjonane. Dei peikar på at staten stiller midlar til rådvelde for kommunar som vil byggja eller gjenopna institusjonskjøkken. Administrasjonen i Kvinnherad vil ikkje ein gong ha dette utgreidd, ser det ut til.

Ølve står i fare for å missa middagsproduksjonen på alderspensjonatet. Får administrasjonen viljen sin no, vert det aldri opna att. No treng ølvesbuen støtte og oppmuntring frå heile kommunen. Heia Ølve!


Per Ove Kviteberg

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags