«Gratis arbeidskraft er populært – løna arbeid er mykje betre!»

Av
DEL

MEININGAR Nykomne flyktningar som treng grunnleggande kvalifisering, deltar i kommunen dei er busett i sitt introduksjonsprogram. Målet med dette er at dei skal læra seg betre norsk og koma seg raskare ut i utdanning og fast arbeid.

Mange asylsøkjarar ønsker likevel å arbeida med éin gong. Arbeid er svært viktig for asylsøkjarar, fordi vi fortast mogleg vil koma på plass i det nye landet vårt, og gjera nytte for oss og bli sjølvstendige.

Eg opplever at nokon menneske hindrar oss i å bli gode på arbeidsplassen eller praksisplassen vår.

Dette er ei stor utfordring for oss. ALT me ønsker er fast arbeid, tena våre eigne pengar og få eit sjølvstendig liv.

Arbeidspraksis er veldig viktig for oss, og eg håpar kollegaer på arbeidsplassane rundt om forstår dette. Målet vårt er å søkja på ledige stillingar på lik linje med dei andre, etter at arbeidspraksisperioden er over.

Eg synest me fortener å koma raskast mogleg i gang med løna arbeid. Eit liv i frie Norge er fantastisk, men me òg vil vera sjølvstendige og klara oss sjølve fortast mogleg!

Å tena eigne pengar er viktig for å kjøpa brød og mjølk, men også for å oppleva fridom og sjølvstende!


Fairouza Muradi

journalist frå Kurdistan,

busett på Husnes

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken