«Ikkje ta vekk den nykokte maten!»

Av
DEL

MEININGAR

Eg vil koma med ein kommentar til Gretha Rød og resten av politikarane som gjeld kjøkenet ved Ølve alderspensjonat. I avisa kan vi lesa at Rød i formannskapet skal ha spurd kvifor det skal vera kjøken i Ølve, og ikkje på til dømes Kvadraten på Husnes. Argumentet skal ha vore at ein må behandla alle likt.

Eg meiner også ein må behandla likt. Og dette må ein gjera med å gi alle eldre nykokt middag kvar dag, anten dei bur i Ølve, på Kvadraten eller i andre omsorgstiltak. Og eg synest ingenting om at ein set institusjonane opp mot kvarandre.

Då alderspensjonatet opna i 1991, var det ein kafé her som serverte middag. Då var det ei stund at brukarane fekk kok-kjøl-mat. Og då bad dei om heller å få servert nykokt mat, noko som blei ein realitet i 1993. Sidan har brukarane hatt nykokt middag kvar dag, og det er ikkje greitt å ta det ifrå dei no.

No må politikarane vera vaksne nok til å ta ansvar for det dei lova i valkampen, og få tilbake kjøken til alle institusjonane. Til og med regjeringa har gått inn for å stimulera til kjøken på institusjonar gjennom midlar kommunane kan få, så her er det berre å få fingeren ut!

Marit Storedale

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags